!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Illustrasjon eir par som går over Rådhuskaia i Oslo.

Framtidas digitale Noreg

Digitalisering skal hjelpe oss å løyse samfunnsutfordringane me står overfor med manglande arbeidskraft og behov for omstilling. Men korleis skal me eigentleg få dette til, og kva inneber det?

I den nye digitaliseringsstrategien, Framtidas digitale Noreg, har regjeringa sett seg som mål å gjere Noreg til det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. CEDIC Talks (uni.oslomet.no) inviterer til den store digitaliseringsdebatten! 

Program

Kva er CEDIC Talks? 

Velkommen til denne utgåva av CEDIC Talks, der me inviterer nasjonale og internasjonale forskarar til å halde opne gjesteforelesingar om sosiale og politiske konsekvensar av digitalisering. 

CEDIC er eit forskingssenter for digitalisering av offentlege tenester og sosial medborgarskap (CEDIC). CEDIC forskar på dialektiske spenningar mellom digitalisering og politikk, juss og etikk.

Bidragsytarane

Christen Krogh

Krogh er rektor ved OsloMet. Han er utdanna sivilingeniør med ei doktorgrad i rettsteori, filosofi og informatikk og har ein lang akademisk karriere frå ulike forskings- og utdanningsinstitusjonar. Krogh spør: Dersom Noreg har ambisjonar om å bli dei mest digitaliserte landa i verda, kva kan konsekvensane vere av at det rår eit uklart digitaliseringsomgrep?

Asbjørn Finstad

Finstad er avdelingsdirektør for Strategisk IKT og digitalisering i KS. Han har lang leiarerfaring frå helsesektoren og anna offentleg verksemd. Finstad vil teikne eit bakteppe av kva økosystem av utfordringar Kommune-Noreg står overfor og argumentere for kvifor digitalisering er   det viktigaste verktøyet me treng for å realisere dei nye moglegheitene og løyse mange av dei store utfordringane me står overfor.

Bjørn Vatne

Vatne er forfattar og journalist med utdanningsbakgrunn frå sosiologi og medievitskap. Han er for tida leiar av Den norske Forfatterforeningen. Vatne har skrive fleire bøker som teiknar eit dystopisk bilde av den digitale utviklinga. Vatne teiknar i innlegget sitt ulike konsekvensscenarium av eit fulldigitalisert samfunn.

Marit Brochmann

Brochmann er administrerande direktør i konsulentselskapet Agenda Kaupang. Ho har ei doktorgrad i statsvitskap og brei erfaring frå prosjekt retta mot offentleg sektor. Agenda Kaupang hjelper kommunesektoren i dei digitale omstillingsprosessane deira og er kjent med mange av dei praktiske utfordringane, men også kva digitalisering kan realisere.

Øyvind Henriksen

Henriksen er kommunedirektør i Nordre Follo og den øvste administrative leiaren i kommunen. Han har meir enn 30 års leiarerfaring frå kommunal sektor bak seg. Henriksen leier i dag ein radikal kommunal omstillingsprosess og har strategiske planar der digitalisering inngår som verkemiddel.

Arvid Ellingsen

Ellingsen er spesialrådgivar i LOs samfunnspolitiske avdeling og leiar av Nasjonalt fagskoleråd. Han er særleg engasjert i utdanning, miljø, demokrati og fagrørsle. LO og Ellingsen skal vareta eit arbeidstakarperspektiv. Korleis ser digitaliseringsprosessen ut frå den ståstaden?

Tereza Østbø Kuldova

Østbø Kuldova er sosialantropolog og forskar I ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet. Hennar faglege interesser inkluderer algoritmisk styring, overvaking, kriminalitet og kunstig intelligens i velferdsstat og arbeidsliv. Kuldova har ei særleg interesse for korleis digital logikk formar samfunns- og sikkerheitsstyring.

Marit Haldar (ordstyrar)

Haldar er professor i sosiologi ved Institutt for sosialfag (OsloMet) og leiar for forskingssenteret CEDIC. Haldar forskar på barndom, alderdom, kjønn, familie, sosial ulikskap og konsekvensar av digitalisering av velferdsstaten.

Kontakt

Laster inn ...