India har lenge blitt omtalt som dei mest folkerike demokratia i verda, men landet utviklar seg no i ei stadig meir autoritær retning. Landet har enorme sosiale forskjellar og hat mot muslimar og kristne aukar.
Elisabeth Eide, professor emerita ved OsloMet, har saman med forfattar Terje Skaufjord, skrive boka "India – på veg mot hindunasjonalisme".
Med omfattande kunnskap om indisk historie, samfunnsliv og politikk skriv forfattarane om bakgrunnen for konfliktane og konsekvensane for folk og land. Elisabeth Eide kjem til Biblioteket P48 for å snakke om boka.
Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.
Arrangementet er ope for alle! Ta gjerne med lunsjen din, vi står for kaffi og te.