Vi veit at høgtlesing er bra for å utvikle leselyst. Kristian Mehlum Lie ville derfor skrive bøker for barn som var artig å lese høgt for vaksne og. Bokserien Konstabel Bannefinger og doktor Even blei dermed skapt. Til no finst det seks bøker i denne serien, der Det spøker på Prompeskogen skolebibliotek er siste bok ut.
Kristian Mehlum Lie jobbar ved avdelinga for samfunnskontakt og kommunikasjon ved OsloMet. Han vil i dette lunsjpåfyllet seie litt om bokprosjektet og korleis det er å skrive bøker som har både spenning, humor og fis på menyen.
Ein av lesarane av bokserien, Bokbloggeren, trillar seks på terningen og beskriv "Reisen til Julefisen" slik: "Det er ikkje alltid like lett å klare å nå frem med sitt språk, sine bodskap og metaforbruk når målgruppa er i så låg i alder som det er her. Men forfatter klarer dette utmerket, og det er ein fryd å sjå korleis ting heng saman, og korleis han set seg ned på huk og møter barna på deira nivå, metaforisk sett. Det er kunst."
Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.
Arrangementet er ope for alle! Ta gjerne med lunsjen din, vi står for kaffi og te.