!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Studenter går på campus Pilestredet

Lunsjdebatt om læringsmiljø og studentaktivitet i lærarutdanningane

NOKUT sitt studiebarometer viser at lærarstudentane ønskjer meir engasjerande undervising. Kva tenkjer dei som utdannar lærarar om denne utfordringa? Og korleis kan vi få til dette i fellesskap?

Student Oliwia Skowron har i ein kronikk utfordra dei som utdannar lærarar til å sikre eit godt læringsmiljø i undervisinga og ikkje berre på pensum. Du kan lese kronikken her (khrono.no).

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) ønskjer alle velkommen til lunsjdebatt. Det vil bli servert enkel lunsj. 

Debattpanelet består av dei to innleiarane og studentane Rawa Habib Mohammadi og Maya Elisabeth Wolf, Tuva Bjørkvold, førsteamanuensis i norskseksjonen og Siri Mohammad-Roe, universitetslektor i engelskseksjonen. 

Finn Aarsæther, som er prodekan for utdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, leiar paneldebatten. Moderator er Vibeke Bjarnø som er instituttleiar for grunnskole- og faglærarutdanning.

Velkommen!

Kontakt

Laster inn ...