Lunsjseminar: Overgangen frå skole til arbeidsliv for unge vaksne med utviklingshemming

Velkommen til lunsjseminar med oppsummering av eit fireårig forskingsprosjekt.

Mange arbeidsplassar manglar arbeidskraft, og denne utfordringa vil sannsynlegvis berre bli større i åra som kjem. Samtidig står ei relativt stor gruppe av personar med utviklingshemming utanfor arbeidslivet, sjølv om dei er i stand til å utføra praktiske arbeidsoppgåver.

I dette lunsjseminaret fortel professor Veerle Garrels om resultata frå eit fireårig forskingsprosjekt som undersøkte kva som kjenneteiknar vellykka overgangar frå skole til arbeidsliv for unge vaksne med utviklingshemming. 

I tillegg møter vi jobbspesialist Kenan Hadzijusufovic og arbeidstakar Sebastian til intervju, der dei vil fortelje om eigne erfaringar frå arbeidslivet.

Vel møtt til eit spennande lunsjseminar!

Program

Kontakt

Laster inn ...