Disputas: Marianne Hope Abel

Marianne Hope Abel forsvarer avhandlinga si for doktorgrada i helsevitskap.

Marianne Hope Abel har vore ein del av nærings-ph.d.-ordninga, og prosjektet har vore leidd av Folkehelseinstituttet.

Tittel på avhandlinga er "Iodine nutrition in pregnancy, maternal thyroid function and child neurodevelopment – Results from the Norwegian Mother and Child Cohort Study".

Tittel på prøveforelesinga er "Benefits and pitfalls of obtaining causal evidence on nutritional components in observational studies".

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er professor Kjell Sverre Pettersen, OsloMet

Samandrag av avhandlinga

Mild til moderat jodmangel er utbreidd blant unge kvinner, gravide og ammande i Noreg og i mange andre land. Jod inngår i stoffskiftehormona som blir danna i skjoldbruskkjertelen (thyreoidea), og desse er særleg viktige i utviklinga av hjernen hos foster og barn.

Alvorleg jodmangel i fosterlivet påverkar utviklinga av hjernen negativt, medan det er mindre kunnskap om konsekvensar av mild til moderat jodmangel.

Enkelte observasjonsstudiar og dyrestudiar indikerer at sjølv mildare former for mangel kan gi varig redusert nevrokognitiv utvikling, til dømes  lågare IQ. Det er også manglande kunnskap om effekt av å ta kosttilskot med jod i svangerskapet i befolkningar med mild- til moderat jodmangel.

Målet med prosjektet er å bruka data frå Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) til å undersøkja samanhengen mellom jodinntaket til mor i svangerskapet og hjernens utvikling hos barn.

Materiale og metode

Studien inkluderer deltakarar i MoBa, ei prospektiv kohort-undersøking der deltakarar vart rekrutterte frå heile landet i første del av svangerskapet i åra 1999–2008. Inklusjonskriterium var enkeltfødsel og ingen rapportert bruk av stoffskiftemedisinar i svangerskapet.

Eksponeringar var jodinntaket til mor i svangerskapet berekna ut frå eit validert matvarefrekvensskjema (i bruk frå mars 2002) og bruk av kosttilskot i svangerskapsveke 0–22 (ja/nei og tid for oppstart av tilskot).

Utfall var thyreoideafunksjonen til mor i svangerskapet (n =2910), mål for utviklinga til barnet ved tre år (n =48,297) og åtte år (n= 39,471) og risikoen for ADHD-diagnose for barnet (n= 77,164).

Regresjonsanalyse vart brukt for å undersøkja assosiasjonar kontrollerte for kovariatar.

Resultat

Eit lågt jodinntak frå kost i svangerskapet (tilsvarande lågare inntak enn tilrådd for ikkje-gravide: 150 µg/dag) var assosiert med endringar i nivået av thyreoideahormon hos mor og at barnet fekk redusert språkutvikling, dårlegare finmotorikk, meir åtferdsproblem og ADHD-symptom, dårlegare skuleprestasjonar og hadde auka sannsyn for å få spesialundervisning.

Jodinntaket til mor var ikkje signifikant assosiert med grovmotorikken eller risikoen for ADHD-diagnose for barnet. Det vart ikkje funne evidens for gunstige effektar av å ta jodtilskot i svangerskapet.

Å starta å ta jodtilskot i første trimester var assosiert med auka risiko for åtferdsproblem, ADHD-symptom og ADHD-diagnose, men ikkje med dei andre utfalla.

Konklusjon

Resultata støttar opp under at mild til moderat jodmangel i svangerskapet er assosiert med redusert nevrokognitiv utvikling hos barn.

Effektane var generelt små, men omfatta ein stor del av populasjonen og er derfor likevel relevante. Tilskot med jod i svangerskapet ser ikkje ut til å kunna kompensera for eit lågt langtidsinntak av jod frå kost.