OsloMet markerer samane sin nasjonaldag éin dag på forskot, og byr på eit rikhaldig program med gratis lunsj, helsing frå rektor, bokbad, faglege og musikalske innslag.
Fleire detaljar i programmet kjem, her er nokre høgdepunkt:
- Frå klokka 11.00 er det gratis servering av den samiske nasjonalretten bidos.
- Gratulerer med dagen som kjem! Ved Christen Krogh, rektor OsloMet.
- Bokbad med Kathrine Nedrejord om "Sameproblemet". Nedrejord blei tildelt Brageprisen 2024 i kategorien skjønnlitteratur, for romanen "Sameproblemet". Ho fekk prisen for det juryen meiner er "ein frisk og saftig lesaroppleving". Denne torsdagen vil programansvarleg for kultur og mangfald ved OsloMet, Vibeke Horn, samtale med Nedrejord.
- Noregsproblemet: norske haldningar og samiske mottiltak. Ved Mikkel Berg-Nordlie, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR.
- Musikalsk innslag ved Elle Maija Klefstad Bær. Artisten frå Karasjok deltok i Stjernekamp i 2023 og er for tida på turné med Riksteatret. Ho har jobba med musikk frå ho var ung, og er blant anna gitarist i musikkgruppa Rolffa.
Lån med deg ei bok heim: Universitetsbiblioteket vil vere til stades i ein pop up-variant under markeringa. Her kan du låne med deg bøker som på eit eller anna vis omhandlar det samiske, og bli litt klokare.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men vi ønsker du melder deg på, på grunn av matbestillinga.
Vel møtt!