Korleis kunne ein gut som har vakse opp på ein liten gard inst i ein dal på Vestlandet utvikle seg til Noregs og Sveriges mest eksperimentelle kunstnar?
Den skeive Kjartan Slettemark vart Noregs mest forhatte kunstnar og inntok stadig nye identitetar, mellom anna som puddel og amerikansk president.
Førstelektor i journalistikk, Anders Gjesvik, har skrive ein biografi om Slettemark og kjem til biblioteket for å snakke om den originale kunstnaren.
Bergens Tidende har beskrive boka som: "(...) ein av dei beste – og tidvis – mest kritiske kunstnarbiografiar eg har lese på lang tid."
Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.
Ta gjerne med matpakka di, vi står for kaffi og te. Gratis og opent for alle!