!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Svarer masteroppgåvene på behova til praksisfeltet?

Masteroppgåver i profesjonsutdanningane hentar ofte empiri frå praksisfeltet. Korleis kan vi saman sørge for at samspelet blir best mogleg, og at kunnskapen frå masteroppgåvene kjem praksisfeltet til gode? Velkommen til debatt på Holmlia!

I ein studie publisert våren 2024 har forskarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) analysert masteroppgåver i grunnskolelærarutdanninga.  

Resultata vart omtalte i Khrono (khrono.no). Her vart det mellom anna peika på masteroppgåver som i lita grad tek omsyn til behovet til praksisfeltet for kunnskapsutvikling, lite metodisk variasjon, og at behovet til studentane for informantar blir opplevd som ei belastning for tilsette i skolen.

Meiningane om dette er mange, og debatten heldt fram, mellom anna med fleire innlegg i Khrono om metodisk balanse, rettleiing, og nytta av forskingsintervjuet. 

Vi har invitert Knut Steinar Engelsen, professor ved HVL og ein av forskarane bak studien, til OsloMet Holmlia for å innleie til debatt.

Studien frå HVL dreier seg om grunnskolelærarutdanninga, men på dette seminaret vil vi diskutere problemstillinga også for andre profesjonsutdanningar, som barnehagelærar- og sjukepleiarutdanning og sosialfag.  

I ein rapport frå 2022 om arbeid med bachelor- og masteroppgåver i lærarutdanningane kom Faglig råd for lærarutdanning med nokre tilrådingar.  

Med bakgrunn i desse og debatten den siste tida spør vi:

Korleis sørger vi for at masteroppgåvene er blir tettare forankra til dei behova praksisfeltet har?  

Og korleis kan utdanningsinstitusjonar og praksisfelt jobbe best mogleg saman for å sikre relevante masteroppgåver?

Program

Kommentarar og paneldebatt ved:

Sølvi Mausethagen vil leie panelet.

Det blir kaffi og enkel servering.

Påmelding innan 23. august.

Les meir  

Meir om OsloMet Holmlia

  • OsloMet Holmlia

    OsloMet er til stede på Holmlia senter med ulike fag- og forskningsmiljøer, herunder forskningsmiljøet Storbybarn.

Kontakt

Laster inn ...