I samband med OsloMet-satsinga Inkludering av barn og unge har vi gleda av å invitere til debattmøte.
Vi har invitert tre forskarar frå OsloMet og ein representant frå Elevorganisasjonen til å ha korte innleiingar før vi lagar eit panel med desse fire og representantar frå politikarane i Oslo bystyre. Møtet vil bli leidd av Håvard Grønli, kjent mellom anna frå Politisk kvarter i NRK.
Vel møtt!
Les meir om OsloMet si satsing på barn og unge.
Debattmøtet blir arrangert av det tverrvitenskapelege forskingsmiljøet Barneliv og profesjonsutøving (Childlife).