Grønt OsloMet

I Strategi 2024 har vi som mål å prioritere infrastrukturløysingar som reduserer det økologiske fotavtrykket vårt.

Les meir om Grønt OsloMet på våre tilsettsider (ansatt.oslomet.no).

Ta kontakt med oss på grontoslomet@oslomet.no dersom du lurer på noko. 

Nokre av tiltaka våre

El-tiltak

OsloMet jobbar systematisk for å fase over til LED-belysning og behovsstyrt lys, og planlegg betre styring av elektrisk varme.

Fornybar oppvarming

Heile campus Kjeller og nesten heile campus Pilestredet nyttar fjernvarme til oppvarming.

Klimagassrekneskap

OsloMet utarbeidde i 2020 universitetets første klimagassrekneskap. Dette er OsloMets klimafotavtrykk (student.oslomet.no).

Klimarekneskap for 2021 (ansatt.oslomet.no)

Miljøvennleg transport

OsloMet har bytta ut alle fossilbilar med el-bilar og hybridbilar. Vi har seks ladestasjonar for el-bilar på campus Kjeller. Vi ser på moglegheitene for å få på plass fleire ladestasjonar og vurderer stadig å redusere talet på parkeringsplassar. 

OsloMet legg til rette for at studentar og tilsette kan bruke sykkel. Vi har oppretta utvendige sykkelparkeringar, og eigne innvendige sykkelstallar for tilsette og studentar. Du finn også bysykkelstativ nært universitetet. 

Det er bygd innandørs vaskestasjon for sykkel i Pilestredet, og pumpe-  og mekkepunkt for sykkel er montert ute på campus både i Pilestredet og på Kjeller.

Pantetønner

OsloMet samarbeider med firmaet Infinitum (infinitum.no) om å plassere ut gule pantetønner rundt på våre campus. Dette bidreg til å redusere mengda plast som potensielt kan forureine omgivnadene. Pengane som kjem inn er øyremerka miljøtiltak for studentar og tilsette.

Reiseverksemd

Vi har kartlagt OsloMet sitt totale utslepp frå flyreiser, og frå januar til september i 2019 er dette 445 626 kilo CO2. OsloMet innførte våren 2021 ein ny reisepolicy for tilsette (ansatt.oslomet.no).

Resirkulering og gjenbruk

OsloMet er bevisste på gjenbruk av møblar (gis bort), bøker og IT-materiell. Gjenbruksbua til OsloMet finn du i rom L 041 under Pilestredet 44/52.

Søppelhandtering og kjeldesortering

OsloMet jobbar aktivt med å auke sorteringsgraden av avfall som kan attvinnast, altså i kor stor grad avfallet er riktig sortert. I 2018 låg sorteringsgraden på 45 prosent. No er vi er på god veg til å nå målet vårt om 60 prosent sorteringsgrad.

Bier på taket

OsloMet har seks bikubar på taket i Pilestredet 52, der titusenar av OsloMet-bier driv med berekraftig pollineringsarbeid.

Les meir om biene på ansatt.oslomet.no