Mandat og samansetning er fastsett av dekan.
Mandatet blei forankra i utdanningsutvalet ved fakultetet 26. mai 2021. Mandatet trådte i kraft 1. august 2021. Siste endringar blei godkjende av dekan 8. juni 2022.
Oppnemning og val av representantar
Ein representant med studieprogramansvar og ein vararepresentant frå kvart institutt blir foreslått av instituttleiar og blir utnemnt av dekan.
Administrativ representant blir foreslått av seksjonssjef for studieadministrasjon og internasjonalisering, og blir utnemnd av dekan.
Representantar for studentane blir valt for eitt år av gongen av fakultetsrådet til studentane.
Eksterne representantar blir foreslåtte av prodekan for utdanning og blir utnemnde av dekan.
Funksjon
Utdanningsutvalet ved Fakultet for helsevitskap er rådgivande overfor fakultetsleiinga, og har fått delegert avgjerdsstyresmakt i enkeltsaker.
Utvalet skal bidra til å sikra og utvikla kvaliteten på studieprogramma ved fakultetet i samsvar med gjeldande regelverk, og dessutan bidra til å oppfylla fakultetet og OsloMet sine strategiske mål. Dette inneber mellom anna å sjå heilskapen i program- og emneplanane til studiane i ein jamleg syklus.
Funksjonstid og gjennomføring av møter
Funksjonstida er frå 1. august 2021 til 31. juli 2025. Med unntak av studentrepresentantar blir utvalsmedlemmer utnemnde for same periode. Om medlemmer fell frå i perioden, skal dekan erstatta desse i tråd med samansetninga av utvalet.
Utdanningsutvalet har jamleg møte og har eit tilnærma fast årshjul.
Utvalet stemmer normalt ikkje over saker. Ved eventuelle avstemmingar gjeld følgjande: I saker der utvalet er gitt avgjerdsstyresmakt av dekan har kvart medlem ein - 1 - stemme. Ved stemmelikskap har utvalsleiar dobbeltstemme.
Oppgåver
Utvalet har fått delegert avgjerdsstyresmakt frå dekan til å:
- godkjenna nye og reviderte program- og emneplanar for studiar til og med masternivå. Unntak er godkjenning av program- og emneplanar for vidareutdanningsemne på inntil 30 studiepoeng, som er delegerte til prodekan for utdanning.
- godkjenna nye og reviderte program- og emneplanar på ph.d.-nivå saman med doktorgradsutvalet ved fakultetet. Tre av medlemmene frå utdanningsutvalet deltek i møte med doktorgradsutvalet i desse sakene.
- fastsetja mandat for ekstern periodisk evaluering av studieprogram etter gjeldande retningslinjer for institusjonen.
Utdanningsutvalet skal også:
- gi innspel og råd til fakultetsleiinga rundt rapportar om ekstern evaluering av studieprogram og gjera greie for oppfølging av sakkunnig komité si tilråding.
- sjå på heilskapen i program- og emneplanane til studiane etter ein fastsett syklus.
- følgja opp den løpande kvalitetsvurderinga av studieprogramma.
- behandle årlege rapportar frå fakultetet og institutta om kvalitet i utdanningane i samarbeid med doktorgradsutvalet.
Utdanningsutvalet kan også gi innspel, råd og tilråding til dekan i saker som gjeld:
- utdanningsstrategi og studieportefølje i overordna strategi for fakultet.
- langtidsplan og satsingar som gjeld utdanning.
- kvalitetssikringssystemet til fakultetet.
- forskrifter og retningslinjer om studiar, praksis og eksamen.
- strategiar og framgangsmåtar for internasjonalisering av utdanning.
- strategiar og framgangsmåtar for å styrkja forholdet mellom utdanning, forsking og innovasjon i fakultets arbeid med å auka eksternt finansiert forsking- og utvikling.
- utgreiingssøknader.
- utdanningssamarbeid på tvers av institusjonar, fakultet og fagfelt.
Utdanningsutvalet ha felles møte med doktorgradsutvalet og FoU-utvalet på fakultetet minst ein gong årleg.
Samansetning
Utdanningsutvalet som ressurs skal ha nødvendig fagkompetanse om kvart institutt, planverk og retningslinjer. Samtidig skal utvalet ha eit heilskapleg blikk for fakultetsverksemda på utdanningsområdet.
Utdanningsutvalet skal ha følgjande samansetning:
- Prodekan for utdanning (leiar)
- Studieprogramansvarleg* frå kvart institutt
- Ein tilsett frå seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering
- To representantar for studentane
- To eksterne representantar
Prodekan for innovasjon og tverrvitskaplege program vil delta i saker som gjeld dei tverrvitskaplege programma/emna.
Alle medlemmer i utdanningsutvalet, med unntak av studentrepresentantane, skal ha personleg vara. Ein av dei ordinære representantane frå utvalet blir utnemnde som varaleiaren i utvalet.
*Studieprogramansvarleg er ei rolle, og personar med ulik stillingstittel kan vareta rolla. Personar med ansvar for studieretningar på masternivå kan også vareta rolla. Personar som tidlegare har hatt slike roller, eller som har hatt ei sentral rolle i arbeid med programplanutvikling/-revidering kan og representera instituttet.
Medlemmer
Leiar av utvalet er prodekan Kåre Rønn Richardsen, Fakultet for helsevitskap.
Nestleiar er Cecilie Krüger, Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi.
Interne medlemmer
- Institutt for åtferdsvitskap: Anette Brogård Antonsen, vara: Torunn Lian
- Institutt for naturvitskaplege helsefag: Toril Tefre, vara: Hilde Haugen
- Institutt for rehabiliteringsvitskap og helseteknologi: Cecilie Krüger, vara: Karin Hesseberg
- Institutt for sjukepleie og helsefremjande arbeid: Ann Kristin Bjørnnes, vara: Signe Zenia Hulgaard-Bruvold
- Teknisk-administrativ representant: Linda Pettersen frå praksisteamet, vara: Elisabeth Sørbø Haug frå internasjonalt team
Eksterne medlemmer
- Spesialisthelsetenesta: Vibeke Kristiansen, Ahus, vara: Lise Melbye, Oslo universitetssykehus
- Kommunehelsetenesta: Steve Yttermo, Oslo kommune, vara: Gunnbjørg Furuset, Sandefjord kommune
Studentrepresentantar
Studentrepresentantar blir valde av Studentparlamentet for eitt studieår av gongen. For studieåret 2023-2024 er desse valde:
- Ingrid Madland
- Nina Lily Nordskag Paureng
- Vara: Ville Norheim
Sekretariat
Sekretærfunksjonen blir vareteken av Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering ved Sofie Kjernli-Winjen.