Standverksemd
Studentforeiningar, studentdemokrati og studentorganisasjonar har førsterett på standplass. Politiske parti kan bli invitert til eller søke om standplass eller anna, som debattar eller liknande, før val. Arbeidsformidlarar og næringslivsaktørar vil i størst mogleg grad bli vist til karrieredagar og etablerte karriereaktivitetar i regi av studentforeiningar, fakultet, institutt eller andre einingar ved OsloMet.
OsloMet er oppteken av å skjerma studentane inne på campus, og det er ikkje alle søknader som blir innvilga.
Oppsøkjande aktivitet er ikkje tillate og brot på dette vil føra til bortvising frå campus .
Når kan du stå på stand?
Det er mogleg å søke om å få stå på stand heile året, bortsett frå i studiestartvekene og eksamensperiodar.
- Under fadderveka i starten av haustsemesteret må all standaktivitet godkjennast av fadderkoordinator i Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon.
- Under valperioden til Studentparlamentet har Studentparlamentet prioritet. Næringslivsaktørar kan søke om standplass saman med eining eller studentforeining ved OsloMet.
Det er berre mogleg å søka om å få stå på stand 1 gong pr. kvartal pr. bygg pr. eining/verksemd/foreining
Kor kan du stå på stand?
Det er fem standområde ved OsloMet:
- Sjekk tilgjengelegheit for Andrea Arntzens hus, Pilestredet 32 i kalenderen (tp.uio.no)
- Sjekk tilgjengelegheit for Ellen Gleditschs hus, Pilestredet 35 i kalenderen (tp.uio.no)
- Sjekk tilgjengelegheit for Studenthuset, Pilestredet 52 (UTE) i kalenderen (tp.uio.no)
- Sjekk tilgjengelegheit for Studenthuset, Pilestredet 52 (INNE) i kalenderen (tp.uio.no)
- Sjekk tilgjengelegheit for Karethe Johnsens hus, Kunnskapsvegen 55, Østre gate i kalenderen (tp.uio.no)
Det er berre tillate å ha stand ved angitt plass på grunn av brannsikkerheit. Det er ikkje tillate å ha stand utanfor lesesalar, bibliotek eller kantineutsal. Søkar kan melde inn ønskje om plassering. OsloMet vurderer ut frå søknad kva plass som eignar seg best for aktivitet og målgruppe.
Organisasjonar som ikkje er knytt til OsloMet, mellom anna ideelle organisasjonar, kan søkja om å få stå på stand utandørs, men ikkje innandørs.
Kan ein samla inn pengar?
Det er ikkje lov å drive pengeinnsamling på campus. Berre i heilt spesielle tilfelle kan ein søke om unntak frå denne regelen. Send søknad til Kurs- og konferansesenteret: kk-senter@oslomet.no. Studentforeiningar og studentorganisasjonar kan selje billettar til eigne arrangement på standplass, men må søke løyve på linje med andre til dette.
Kva kostar det å ha stand?
Organisasjonar og einingar knytta til OsloMet låner gratis: Studentforeiningar og studentorganisasjonar, organisasjonar knytta til OsloMet, kulturelle arrangørar, frivillige-, interesse-, hjelpeorganisasjonar og fagforeiningar.
Kommersielle aktørar betalar for standplass. Satsane er:
- 3,5 timer: 2 000 kr
- 1 dag (7 timar): 4 000 kr
- 2 dagar (7 timar, 2 dagar på rad): 6 000 kr
Slik søker du
Send søknad på e-post til Kurs- og konferansesenteret: kk-senter@oslomet.no. Alle søknader om stand ved OsloMet blir vurdert av eit standteam som har høve til å avvise søknader. Grunnlag for avvisning av søknad kan vera at søker ikkje oppfyller krav, tidlegare klagar på søker/søkarverksemda, upassande åtferd, brot på avtale og regelverk eller anna.
Plakatoppheng, flyere og gratisaviser
Plakatoppheng
Oppslag og plakatar skal stemplast ved næraste infosenter eller servicetorg, og kan hengast opp på anviste oppslagstavler. Materiell som ikkje følgjer desse retningslinjene vil bli tatt ned.
Flyere
Flyere kan plasserast på angitt område ved infosenter eller servicetorg. Kontakt desse for nærare informasjon. Flyere som blir plassert andre stader på campus vil bli fjerna.
Gratisaviser
Avisdistributørar må søke om standløyve utandørs i tråd med retningslinjer for dette. Studentaviser og Khrono er einaste unntak og kan etter eigen avtale marknadsføra seg sjølv på campusane våre. Oppsett av eigne stativ er ikkje tillate. Ta kontakt med kk-senter@oslomet.no for avtale og søknadar.
Infoskjermar
Infoskjermar finst i alle bygg ved Campus Pilestredet og Kjeller. Infoskjermane skal hovudsakleg brukast til aktuell informasjon retta mot studentane våre.
Oppslag som blir lagt ut
- Viktige fristar og studieinformasjon (utveksling, felles eksamensinfo og liknande)
- Tips for betre studiekvardag, studieteknikk og liknande
- Store arrangement som er retta mot studentar
- Studentaktivitetar
- Lokalt på fakulteta: Prøveforelesning/disputas når det er relevant for større grupper studentar
- Velferdstilboda til OsloMet (studentpresten, opningstider, rettleiing, kvilerom)
- Arrangement og velferdsordningar i regi av Studentsamskipnaden i Oslo - SiO
- Valg og viktige kampanjar frå Studentparlamentet
- Driftsmeldingar (Fronter er nede og liknande)
- Velferdstinget i Oslo og Viken
Oppslag som ikkje blir lagt ut
- Kommersielle aktørar/reklame
- Arrangement som ikkje er knytt til OsloMet (med mindre det blir sett på som særs relevant for studentane våre)
Kven ønskjer du å nå?
Tilgang til sosiale medium ved OsloMet
OsloMet er aktive på Facebook, Instagram, Twitter, LinkedIn og YouTube. Her deler vi nyttig og relevant informasjon som rettar seg til ulike målgrupper, alt etter plattform.
Studentforeiningar ved OsloMet blir definert som interne, og vi oppmodar til å nytta OsloMet dei sentrale kontoane sine i sosiale medium for å promotere sine aktivitetar. Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon ønsker å samarbeida tett med studentforeiningane for å finna fram til kreative og gode kommunikasjonsløysingar saman.
OsloMet marknadsfører som hovudregel ikkje for eksterne aktørar. I spesielle tilfelle kan vi gjera unntak og dette blir gjort av Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon. Dette føreset at innhaldet er spesielt aktuelt for studentane.
- Om du vil promotere eit arrangement, sjå vår Facebook-gruppe Hva skjer? (facebook.com)
- For ledige stillingar sjå vår Facebook-gruppe Ledige stillingar for OsloMet-studentar (facebook.com)
Om du bruker #oslomet vil Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon lett oppdage innhaldet og kunne dele det vidare.
Har du spørsmål kan du kontakte oss på e-post: nettredaksjonen@oslomet.no