Kunstsamlinga

Tre kunstverk som heng på kvite veggar.
  • Om kunstsamlinga

    OsloMet har som dei fleste andre universiteta og høgskulane i Noreg ei eiga kunstsamling. Denne blir karakterisert som ei open brukssamling, då ho består av verk som heng ope i lokala våre der tilsette, studentar og besøkjande ferdast.

    Samlinga kan samanliknast med dei kunstsamlingane som i dag finst ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Andre institusjonar som har liknande opne brukssamlingar er til dømes Stortinget, Det kongelege norske utanriksdepartementet og Noregs bank. Samlingene har alle ulik storleik, ulikt preg, og ulik grad av bruk, men nokre av dei same utfordringane.  

    OsloMet Kunstsamling har lange røter. Samlinga består av verk frå fleire ulike institusjonar som alle har ei historie. Dette blir spegla i verka som blir berarar av den tidlege historia og tradisjonen til institusjonen,med fusjonar og vekst fram mot ein stadig større høgskule, som til slutt vart til det urbane og mangfaldige universitet som OsloMet no er.   

    Målsetjinga er at kunstsamlinga skal bidra til:  

    • Synleggjering av OsloMets historie, utvikling og tilhøyrsel.  
    • Identitetsbygging der verdiar som inkludering og OsloMets samfunnsoppdrag blir framheva.  
    • Organisasjonsbygging med fokus på bruk av ny teknologi, arbeidsmiljø og planmessige utsmykking av fellesareal.  
    • Kulturbygging gjennom aktivitetar, markeringar, utstillingar og formidling.
  • Kunst på campus

    Pilestredet

    På Campus Pilestredet heng ein stor og variert del av kunstsamlinga fordelt på dei ulike bygga. Alle, studentar, tilsette og andre besøkjande, skal få utbytte av samlinga. Du vil derfor finne både faste monteringar og kunstverk som blir bytt ut jamleg nesten overalt, og dessutan fleire midlertidige utstillingar gjennom året. 

    Kjeller   

    Ei brei rekkje av ulike kunstverk blir også vist på Kjeller, små og store skulpturar, biletkunst og broderi for å nemne noko. Det finst også ei rekkje av historiske plakatar med illustrasjonar som har vorte brukte i tidlegare tider si undervisning. 

    På campus Kjeller er det først og fremst avdelingar av helsefag og produktdesign. Det finst eit stort bibliotek i andre etasje på campus.   

    Holmlia 

    OsloMet på Holmlia er i same bygg som etatar med ansvar for barnevern, barnehage, helsetenester og administrative funksjonar, med Helsestasjon, Oslohjelpa og Deichman. Her er, blant nokre få andre verk, Ahmed Umars "Carrying the Face of Ugliness" frå 2018 (lenkje til verk på blogg). 

  • Pop-up utstillingar og markeringar

    Kunstsamlinga lagar også utstillingar til spesielle markeringar ved OsloMet.

    Her er eit utval:  

    • Samisk nasjonaldag (2019)
    • "Kewpie  - daughter of District six" i Pilestredet 52 (samarbeide med SAIH) (2023)
    • Hans Ragnar Mathisen - Samisk nasjonaldag (2023)  
    • OsloMet kunstsamling – eit utval, Pilestredet 52 og galleriet i Pilestredet park 33 (2023)
    • Pride, Pilestredet 52 (2023)
  • Historia til institusjonen OsloMet

    OsloMet vart til ved å gjennom tidene setje saman mange ulike yrkeshøgskular med eigne historier. Dette vil kunstsamlinga få fram, og mykje av plasseringa av kunsten er derfor valt ut frå institutt, for å fortelje institusjonen si historie og korleis faga har utvikla seg, i tillegg til å heidre viktige personar som har vore med på å endre pedagogisk praksis og gi kvinner fleire moglegheiter innan utdanning. Kunsten er også ei påminning om samfunnsansvaret til institusjonen, og samlinga har vore viktig for å utvikle eigen identitet, utan å gløyme kva som var før. 

    Bygningane på campus Pilestredet er kalla opp etter kvinner som har endra historia. Vi har produsert nokre filmar der Kirsten Røvig Håberg, tidlegare leiar for kunstsamlinga, fortel om namnegivarane og området si historie.

    Sjå filmane her: 

  • Universell utforming og synstolking

    Kunstsamlinga er oppteken av å gjere OsloMet og samlinga tilgjengeleg for flest mogleg. Dette inneber mellom anna å gjere den visuelle kunsten tilgjengeleg for blinde og svaksynte. Kunstsamlinga er oppteken av å anerkjenne denne gruppa, då dei ofte har vorte nedprioriterte i kunstfeltet.

    Kunstsamlinga jobbar derfor aktivt med objektive formidlingstekstar til dei ulike verka, og dessutan taktile skilt, punktskriftkilt og lydfiler som gir informasjon om kunstverka. Dette arbeidet er viktig, ikkje berre for brukarane av OsloMet, men også for samfunnet rundt oss. Sjå bloggen til kunstsamlinga (uni.oslomet.no) for meir informasjon om synstolking av kunstverk ved OsloMet.   

  • Kunst og kaffi

    Kunst og kaffi er digitale omvisingar. Kunst og kaffi er eit lågterskeltilbod der ein (eller to) frå Kunstsamlinga startar dagen med å halde korte digitale omvisningar på Zoom. Lenke til dei ulike omvisingane blir lagt ut på kunstsamlinga si Instagram-konto (instagram.com).

    Kunst og kaffi byrja under pandemien. Eit tilbud der ein kunne starte kvardagen med å få kunnskap om kunsten på OsloMet - til morgonkaffien.

    Kunst og kaffi er med på å formidle sider av kunsten som ikkje omgåande er tilgjengeleg og kvifor dei ulike kunstverka er ein del av samlinga. Forhåpentleg vil det vekkje kunstinteresse hos nokon og trigge ei større nysgjerrigheit. Dette tilbodet er eit tiltak for å både forsterke samhaldet og for å lære. 

  • Helse-Kunst-Matrix

    Innhaldet i FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) står sentralt i dette prosjektet. ​Det er eit samarbeid mellom OsloMet kunstsamling, Institutt for estetiske fag ved OsloMet og helsefag ved Universitetet i Tromsø. Prosjektet har mellom anna undervisningsopplegg som er fritt tilgjengelege.  

    CRPD-lab - Helse-Kunst-Matrix​ (uni.oslomet.no) er eit prosjektsamarbeid mellom Universitetet i Tromsø og OsloMet​. Det skal bidra til å utvikle kunnskap og ferdigheiter om universell utforming.

    ​CRPD står for "Convention on the Rights of Persons with Disabilities". Konvensjonen vart vedteken av FNs generalforsamling i 2006 og tredde i kraft i 2008.​ Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Den skal sikre respekt for dei  gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. 

  • Kunstnarsamtalar og Lunsjpåfyll

    • Kunstnarsamtale Meera M. Kaur (lenke kjem)
    • Kunstnarsamtale Tonje Bøe Birkeland (lenke kjem)
  • Nettverk

    Kunstsamlinga som kunstinstitusjon, er del av eit større nettverk i Noreg. Det nasjonale nettverket består av Oslo kommune, KORO, Stortinget, Universitetet i Oslo si kunstsamling og Noregs Bank. OsloMet Kunstsamling har fleire historiske verk som tidligare tilhøyrde andre institusjonar og er datert så langt tilbake som på 1800-talet.   

    Kunstsamlinga sitt ansvarsområde er å formidle og forvalte kunsten på veggane og utandørsområda til universitetet. Kunstsamlinga jobbar tett med Studentdepartementet, studentar og andre tilsette.   

    Vi arbeider også aktivt med internasjonal erfaringsutveksling. I framtida skal kunstsamlinga utvide samarbeidsnettverket internasjonalt og er no i prosessen med å få til eit samarbeid med nye partnarar frå Dublin,Venezia og Finland. 

  • Spørsmål og svar

    • Korleis melder eg frå om skadd kunst på campus? 
      Svar: Send e-post til kunstsamlinga
    • Korleis finn eg meir informasjon om kunsten på campus?  
      Svar: Nokre av kunstverka har fått skilting med informasjon, men ikkje alle, då dette er eit pågåande arbeid. Ein kan anten sjå om verket ligg på bloggen til kunstsamlinga med informasjon eller sende oss ein e-post.  
    • Må eg seie frå dersom det er kunst som må flyttast, eller kan eg flytte kunsten sjølv? 
      Svar: Ja, du må melde frå. Og nei, du kan ikkje flytte kunsten sjølv. Send oss ei e-post så kjem vi for å flytte kunsten.  
  • Kontaktinformasjon og sosiale medium

Leder for kunstsamlinga

Laster inn ...