Tilskotsordninga skal styrkje langsiktig partnarskap om kompetanseutvikling mellom fag- og yrkesopplæringa og universitet, høgskular eller andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Tilskotsordninga i fag- og yrkesopplæringa gir fylkeskommunen moglegheit til sjølv å planleggje lokal kompetanseutvikling ut frå skular og lærebedrifters lokale behov, og må sjåast som ein del av Fagfornyelsen (udir.no).
Lokal kompetanseutvikling har eit dobbelt formål. Partnarskapen skal bidra til kompetanseheving i fag- og yrkesopplæringa, og bringe erfaringsbasert kunnskap frå praksisfeltet tilbake til universitet og høgskular.
Partnarskapen inneber at
OsloMet har bred fag- og forskerkompetanse innen yrkesfag, og våre ansatte kombinerer forskningsbasert kunnskap med praksisnær undervisning og veiledning.
For å sikre føreseielegheit bør bruken av midlane ha eit langsiktig perspektiv. Det er opp til kvar enkelt skuleeigar å vurdere korleis midlane skal prioriterast og brukast ut frå lokale behov og føresetnader. Tiltaka skal framme kollektiv kompetanseutvikling, og skule- og arbeidsplassbaserte tiltak blir prioriterte.
Tilskotsmidlane kan brukast til
Målgrupper for kompetansetiltaka i tilskotsordninga er:
Samarbeidsforum er samansett av representantar for aktørane i ordninga, og skal inkludere representantar for arbeidslivet, lærarorganisasjonane, yrkesopplæringsnemnda, private vidaregåande skular (godkjent etter friskolelova § 2-1) og relevante tilbydarar av kompetanseutvikling.
Arbeidet med lokal kompetanseutvikling skal forankrast i partnarskap mellom skuleeigar og tilbydar av kompetanseutvikling. Det er skulen eller lokale kompetansenettverk som sender behovsmelding til samarbeidsforum. Samarbeidsforum utviklar kompetanseutviklingsplan, disponeringsplan for tilskotsmidlane og prioriterer kompetanseutviklingstiltak.
Med utgangspunkt i Fagfornyelsen har Rogaland fylkeskommune i samarbeid med OsloMet, utarbeidd tiltak som byggjer på behov i fagnettverk og skular:
Skular og fagnettverk kan også definere eit sjølvvalt tema ut frå dialog med OsloMet.
Bakgrunnen for tiltaket er endringa i fag- og timefordelinga i nye læreplanar på YF, der norskfaget er flytta til Vg2. Tilbodet er utarbeidd i partnarskap mellom Oslo fylkeskommune og OsloMet, og er basert på dei erfaringane OsloMet har gjort med utvikling av språklege rettleiingsstrategiar for dei språklege utfordringane til elevane i yrkesfaga.
Tiltaket blir retta direkte mot korleis yrkesfaglærarar kan bidra til den språklege utviklinga til elevane i den daglege undervisninga i yrkesfag.
Med utgangspunkt i Fagfornyelsen har Oslo fylkeskommune i partnarskap med OsloMet, utvikla tiltak som møter konkrete behov i den vidaregåande skulen:
Fagfornyinga for yrkesfag er ei samling nettbaserte læringsressursar og nettverk for lærarar og andre som ønskjer å styrkje og vidareutvikle eigen undervisningspraksis. Webinar, podkastar og videoar er utvikla i samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo kommune: