Om boka
I boka utforskar forfattarane dette frå to sider, både ovanfrå og nedanfrå.
Ovanfrå studerer vi lovar, offentleg politikk og byråkratiske logikkar som styrer tilgangen borgarane har til sosialt vern. Nedanfrå undersøkjer vi oppfatninga til borgarane av tilhøyrsel og identitet, og moglegheitene deira til å delta og bli inkludert i samfunnet.
Inkluderande statsborgarskap
Med utgangspunkt i desse to perspektiva vurderer vi omfanget og djupna av statsborgarskap og medborgarskap for marginaliserte grupper i Noreg. Utgangspunktet vårt er at Noreg er eit land som bør vere i stand til å sørgje for ei inkluderande form for statsborgarskap til dei fleste av borgarane sine.
Dei ulike kapitla omhandlar grupper med felles utfordringar, og som lever i utkanten av velferdsstaten: menneske med nedsett funksjonsevne, personar som er arbeidsledige, familiar med barn i sårbare livssituasjonar, menneske som kryssar landegrenser, og til slutt framtidige generasjonar.
Ekskludering av borgarar
Vi finn to måtar borgarar blir ekskluderte på, dette omtaler vi som eksklusjonsfilter. Den eine er føresetnadene som borgarar må oppfylle for å få hjelp frå staten, den andre er vanskane borgarane har med å få realisert rettane sine i praksis. Begge eksklusjonsfiltera kan verke samtidig og i ulike kombinasjonar.
Vil du vite meir om funna våre om kva som skal til for at ein borgar skal vere sosialt inkludert, kan du lese kvart enkelt kapittel!
Referanse
Marianne Takle, Janikke Solstad Vedeler, Mi Ah Schøyen, Kjetil Klette-Bøhler og Asgeir Falch-Eriksen (red.) (2023). Citizenship and Social Exclusion at the Margins of the Welfare State. Routledge
Boka er ope tilgjengeleg hos Routledge (routledge.com).
Helse- og velferdsforsking ved NOVA
Boka spring ut av samarbeidet mellom forskarar i NOVAs Seksjon for helse- og velferdsforsking.
Innhaldet i boka
Introduction
Marianne Takle, Janikke Solstad Vedeler, Mi Ah Schoyen, Kjetil Klette Bøhler and Asgeir Falch-Eriksen
Part One – Citizenship: Laws and public policies
The Norwegian Welfare State: Towards a Crossroads?
Are Vegard Haug
Social Exclusion of Citizens of Democratic Welfare States
Asgeir Falch-Eriksen
Chapter Three - during the COVID-19 Pandemic and their Long-Term Implications
Kristian Heggebø and Axel West Pedersen
The Exclusionary Potential of Work Inclusion Policies: Employers Addressing Their Responsibilities Towards Disabled People
Kaja Østerud, Janikke Solstad Vedeler and Nora Framstad
Social Exclusion and Disability: Exploring the Role of Ingroup/Outgroup Dynamics in Employment
Jaski Kohli and Janikke Solstad Vedeler
The right to respect for family life: Do parents have a right to parenting support?
Simen Mørstad Johansen
Citizenship for future generations: The inclusion of future generations in welfare state considerations
Marianne Takle
Part Two – Citizenship: On-the-ground experiences of membership
Affective Citizenship: Social Exclusion of Families with Disabled Children During the COVID-19 Pandemic
Sigurd Eid Jacobsen and Kjetil Klette-Bøhler
Norwegian labour activation: Building or limiting social citizenship for service users far from the labour market?
Helle C. Hansen and Erika Gubrium
Economic preconditions for full citizenship: Refugees’ economic incorporation into the Norwegian welfare state
Jon Ivar Elstad and Kristian Heggebø
"I am torn to pieces": Transnational citizenship and COVID-19
Justyna Bell, Anne Balke Staver and Ida Tolgensbakk
The Democratic Deficit, Political Participation and Demands for Social Inclusion in Truncated Welfare States
Barbara A. Zarate-Tenorio
Citizenship in democratic welfare states: A typology of social exclusion
Marianne Takle and Asgeir Falch-Eriksen