Portrettfoto av Anja Bredal

NOVA-forskar i Partnardrapskommisjonen

Forskar og sosiolog Anja Bredal er i dag utnemnd som medlem av Statens kommisjon for partnardrap.

Partnardrapsutvalet foreslo i rapporten sin «NOU 2020:17 - Varsla drap?» at det skal opprettast ein permanent, uavhengig kommisjon som skal gå gjennom saker om partnardrap. I dag vart dette altså ein realitet.

Kommisjonen skal gå gjennom drapssaker der gjerningspersonen er dåverande eller tidlegare partnar. Formålet er å bidra til læring og styrking av arbeidet med å førebyggje alvorleg partnarvald og partnardrap. Kommisjonens arbeid skal evaluerast etter fem år.

Arbeidet blir leia av professor Lena Bendiksen ved Universitetet i Tromsø, og NOVA-forskar Anja Bredal ved OsloMet blir ein av dei faste medlemmane i kommisjonen. Bredal har forska på vald i nære relasjonar i ei årrekkje, og særleg innan ramma av det tiårige Voldsprogrammet, som er finansiert av justis- og integreringsstyresmaktene.

Vi spurde Bredal om kva forventningar ho har til arbeidet i kommisjonen.

Eg er stolt, og beæra og sjølvsagd veldig spent på korleis arbeidet i kommisjonen blir. – Anja Bredal, forsker NOVA, OsloMet

– Eg er stolt og beæra, og sjølvsagd veldig spent på korleis arbeidet i kommisjonen blir. Det er eit vondt tema, men eg har stor tru på formålet – å gå gjennom saker for å lære korleis dei ulike offentlege instansane kan jobbe betre, slik at vi får færre partnardrap i Noreg. Etter den forferdelege starten på 2024, kjennes mandatet ekstra meiningsfylt, seier ho.  

Direktør ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, Guro Ødegård, kommenterer dagens utnemning slik: 

– Denne utnemninga er ei anerkjenning både av Anja Bredal som valdsforskar og av heile valdsforskingsmiljøet ved NOVA. Spisskompetanse blir ikkje bygd over natta, og Voldsprogrammet har vore ei heilt sentral brikke i NOVAs satsing på dette feltet. 

Vi håpar at styresmaktene framleis vil halde ved like og vidareutvikle forskinga på vald i nære relasjonar i åra som kjem. – Guro Ødegård, direktør ved NOVA, OsloMet

– No håpar vi at styresmaktene framleis vil halde ved like og vidareutvikle forskinga på vald i nære relasjonar i åra som kjem. 

Foto: StudioVest/OsloMet

Publisert: 05.09.2024 | Halvard Dyb