Leigeprisane har stige meir dei siste to åra enn dei åtte tidlegare åra. Det er eit enormt press i marknaden. Korleis kan vi få fleire utleigebustader, så vi dekkjer etterspurnaden godt nok?
Det er spørsmålet forskar Mari Olsen Mamre ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet, skal undersøkje i eit nytt prosjekt, finansiert av Husbanken.
Forskingsprosjektet skal også vurdere spørsmålet om kva rolle det offentlege bør ha i bustadforsyninga generelt, og på leigemarknaden spesielt.
– Det er ei viktig problemstilling som kan ha stor innverknad på korleis vi formar bustadpolitikken i framtida, seier Mamre, som leier prosjektet.
Ein velfungerande leigemarknad reduserer negative effektar av både økonomiske og demografiske sjokk på bustadmarknaden, ved å bidra til større mobilitet i befolkninga og dermed betre fordeling av arbeidsstyrken.
– Men får vi færre utleigebustader, kan det føre til det motsette: lågare mobilitet og dertil større negative ringverknader av økonomiske sjokk, seier Mamre.
Forskingsprosjektet skal mellom anna kartleggje kva barrierar ulike grupper av bustadutleigarar møter, og vurdere tiltak som kan stimulere til større tilbod i leigemarknaden.
– Vi vil analysere ulike tiltak som kan styrkje tilbodet av utleigebustader, for å finne ut av kva som kan auke talet på utleigebustader i tråd med eksisterande og framtidige behov, seier Mamre.