OsloMet satsar allereie stort i Akershus-regionen, blant anna med universitetskommune-samarbeid på Romerike, ny campus i Lillestrøm, og planlegging for satellittar på Ahus og Sunnaas sjukehus.
– Vi er opptatt av omlandet vårt. Å formalisere eit tettare samarbeid med Akershus fylkeskommune, som blant anna har ansvaret for vidaregåande skular, regional utvikling og folkehelsearbeid, er eit viktig steg vidare for OsloMet og våre fagmiljø, sa rektor Christen Krogh.