Regjeringa har i langtidsplanen sin for forsking og høgare utdanning identifisert eit eige samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv (forskningsradet.no).
OsloMet har ei eiga strategisk satsing for å bidra med forsking og kompetanse inn i dette samfunnsoppdraget.
Hausten 2024 vart det kunngjort såkornmidlar til forskingsaktivitet gjennom denne satsinga.
Såkornmidlane skulle gå til prosjekt som gir kunnskap om vilkår for god livskvalitet blant barn og unge. Det var også eit krav at prosjekta skulle ta utgangspunkt i identifiserte kunnskapsbehov hos ein eller fleire av OsloMets samarbeidskommunar, eller andre etablerte praksissamarbeid.
Det blir delt ut totalt 8,8 millionar kroner fordelte på 12 av 59 innkomne søknader.
Tildeling av midlar er vedteken i styringsgruppa for barn og unge-satsinga, etter at ti eksterne evaluatorar har vurdert søknadene etter kvalitet, relevans for samfunnsoppdraget, relevans for praksissamarbeid, sannsyn for vidareføring og gjennomførlegheit.
Prosjekt som får midlar
- «Ungpuls: Involvering av unge stemmer i forsking og utvikling av tenester med skulehelsetenesta som døme», med Brita Askeland Winje som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 1 000 000 kroner.
- «Livsløp, velferd og helse blant utsette barn og unge», med Åsmund Hermansen som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 1 000 000 kroner.
- «Bustad som velferdsgode for unge NEETs», med Anne Skevik Grødem som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 1 000 000 kroner.
- «Utforsking av tillits- og mistillitsrelasjonar mellom ungdomsbefolkning og offentlege tenester i utsette område», med Monika Grønli Rosten som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 1 000 000 kroner.
- «Bruk av KI-baserte metodar for å vurdera varetaking av barne- og unges interesser i planprosessar», med Sveinung Legard som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 967 130 kroner.
- «Styrke arbeidet til helsestasjonen med fleirspråklege barn». Anna Sara H. Romøren og Nina Gram Garmann står som søkjarar. Prosjektet blir støtta med 916 325 kroner.
- «Barnepalliasjon i bydel Søndre Nordstrand», med Anette Winger som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 798 162 kroner.
- «Tett på den daglege innsatsen for å fremja inkludering og livskvalitet», med Anita Sundnes som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 759 063 kroner.
- «Samlingsstund: ei utvida forståing av kulturarv blant barnehagelærar-studentane ved OsloMet og barnehagane deira som arbeidsplass», med Ingrid Anette Danbolt som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 440 000 kroner.
- «Grunnskulen som ein satsingsarena for yrkesfag og handverksferdigheiter?», med Eva Lutnæs som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 433 440 kroner.
- «Opne møteplassar for småbarnsfamiliar med innvandrarbakgrunn i bydel Bjerke», med Kirsti Riiser som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 250 000 kroner.
- “Systems Approaches to Physical Activity Promotion in Oslo (SAPAPO)”, med Christin W Waage som prosjektleiar. Prosjektet blir støtta med 245 400 kroner.
Stort mangfald i tildelingane
Med denne tildelinga blir det gitt støtte til tolv ganske ulike prosjekt. Prosjekta spenner frå forsking som går tett på enkelttiltak retta mot barn og unge, til prosjekt som behandlar store registerdatasett for å gi kunnskap om risikofaktorar og førebygging i oppveksten.
Prorektor for forsking og utvikling, Tanja Storsul, er glad for engasjementet fagmiljøa viser for satsinga. Ho understrekar at OsloMets fagmiljø sit på kompetanse som er avgjerande for å realisera samfunnsoppdraget.
– Dei prosjekta som no blir finansierte vil gi viktig kunnskap. Som såkornmidlar vil dei også leggja grunnlag for vidare forsking og nye prosjekt og samarbeid, seier Storsul.
Ni av dei innvilga søknadene byggjer på samarbeid med ulike delar av Oslo kommune. Av desse har fire av prosjekta eit samarbeid med bydel Søndre Nordstrand, der OsloMet frå før er til stades i eigne lokale.