Portrett av Sølvi Mausethagen foran en gråblå vegg.

Ekspertgruppe foreslår éin felles rammeplan for lærarutdanningane

Gruppa foreslår å gå bort frå detaljregulering og gi lærarutdanningane meir tillit og fleksibilitet.

Ekspertgruppa om styring av lærarutdanningane leverte sine tilrådingar til forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel den 20. juni 2024. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har dei sett på korleis styringa av lærarutdanningane kan gjerast meir overordna.  

Gruppa har vore leidd av Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utvikling ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium og professor ved Senter for profesjonsforsking ved OsloMet. Senter for profesjonsforsking har hatt sekretariatsansvaret, og Andreas Eriksen har vore sekretariatsleiar.

Foreslår å gå frå 11 til éin rammeplan

I dag er det 11 lærarutdanningar med kvar sin rammeplan. Ekspertgruppa ønskjer ei større merksemd rundt kva som er felles for lærarutdanningane, og foreslår éin felles rammeplan for alle lærarutdanningane.  

“Målet med dette er å gi høgt kompetente fagmiljø tillit til å utvikla læringsmiljø og utviklingsprosessar som sikrar kvalitet, og som legg til rette for utvikling av innovative løysingar og regionale tilpassingar”, heiter det i rapporten.

Underkapittel med spesielle reguleringar

Dei foreslår vidare at den felles rammeplanen bør ha underkapittel med spesielle reguleringar retta mot ulike nivå i utdanningssystemet, men at inndelinga av desse ikkje bør skape nye og utilsikta føringar.  

Styringsstruktur bør tilpassast ein overordna rammeplan

Det kan også vera nødvendig å tilpasse resten av styringsstrukturen for lærarutdanningane til ein meir overordna rammeplan, meiner ekspertgruppa. Dei peikar her på eit meir dynamisk system for utforming av nasjonale retningslinjer, avstemming av NOKUT sine evalueringar og tilsyn, og nye kompetansekrav for tilsetjing basert på behovet i arbeidslivet.  

Les rapporten her: Sluttrapport: Én felles rammeplan. Overordna styring av lærerutdanningene (regjeringen.no).

Les meir

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 21.06.2024 | Siv Tonje S. Håkensen