Studentar frå Master i entreprenørskap ved Handelshøgskulen fekk bryne seg på samansette problemstillingar frå næringslivet under Oslo Entreprenørskapsliga.
– Pitching kan vere avgjerande for å sikre investorar og støtte, som igjen kan avgjere i kva grad ein idé blir testa ut, seier Daniel Ystad.
Ystad er ein av studentane som deltok på Oslo Entreprenørskapsliga. Ligaen er eit årleg arrangement der mellom anna studentane ved Master i entreprenørskap kan få lagt fram idear og forslag til næringslivsaktørar.
– Ein kan sitte på mange enormt gode idear som aldri blir realiserte om ein ikkje klarer å formidle dei på ein god måte til rette personar, legg Ystad til.
Kort om Oslo entreprenørskapsliga
- Starta opp av Rebekka De Leon og Ungt entreprenørskap i 2023
- Arrangert første gong i 2023. Då var det 24 studentar med frå Entreprenørskap.
- Utdanningsinstitusjonane og Ungt entreprenørskap samarbeider med samorganiseringar eller næringsklyngjer. Det er aktørar som jobbar på vegner av ein bransje i ei klyngje eller ein medlemsorganisasjon, som jobbar på vegner av ei rekkje ulike aktørar i kvar si verdikjede.
- Samarbeidspartnarane var i 2024 næringsklyngane Construction city, Eiendomsyrker og Matvett.
- Studentane jobbar i to veker og i fire ulike fasar. I siste fase legg dei fram innsikt over korleis dei har spissa problemstillinga til ei meir konkret problemstilling, og korleis forslaget å jobbe vidare med denne problemstillinga kan skje.
Studentane får bryne seg på multikomplekse problemstillingar
Entreprenørskapsstudentane som deltek i ligaen, må samarbeide i grupper med studentar frå andre utdanningsinstitusjonar og fagretningar.
Gruppene får delt ut problemstillingar frå næringslivsaktørar og må etter lange prosessar mykje arbeid komme fram til løysingar som blir presentert på ei scene framfor næringslivsaktørane.
– Det har vore gøy å delta. Me har fått bryne oss på store og multikomplekse problemstillingar, med hjelp av ei stor breidde av fagressursar som Ungt entreprenørskap har stilt opp med, seier Ystad.
Er Oslo Entreprenørskapsliga ein konkurranse om best idear?
– Pitchingen og ligaen er ikkje ein konkurranse om å ha den beste ideen. Det er ein innsiktsprosess. Det dreier seg om å gjere eit komplekst oppdrag til ein agerbar situasjon, seier Rebekka De Leon.
De Leon har vore med frå oppstarten av ligaen og utvikla det ho kallar eit «Frontrunnerprogram», som er utgangspunktet for korleis studentane jobbar under ligaen.
– Det betyr at me lærer studentane ein prosess eller ein metode for å angripe multikomplekse problemstillingar, seier ho.
Studentane skal starte med ei vid problemstilling og ende med ei konkret konkret utfordring. Deretter skal dei foreslå korleis dei kan jobbe vidare med denne meir konkrete utfordringa.
Forsøker å øke arbeidslivsrelevansen i utdanningene
I Stortingsmelding 16 (2020-2021): Utdanning for omstilling - Auka arbeidslivsrelevans i høgare utdanning, står det at det er forventa at alle i høgare utdanning skal tileigne seg kompetansar som kan bidra til å utvikle framtidas arbeidsliv.
– Og det er ein måte å definere entreprenørskap på. Og arbeidslivet er tverrfagleg. Derfor er også ligaen det, seier De Leon.
Studentane blir forvandla
– Gjennom ligaen har studentar ved OsloMet fått ei utruleg moglegheit til å fordjupe seg i det dynamiske verda av entreprenørskap. Denne opplevinga har vore ikkje mindre enn forvandlande, og tilbyr deltakarar sjansen til å tileigne seg uvurderlege, praktiske entreprenørskapsferdigheiter, seier Katja Maria Prexl.
Prexl underviser ved Master i entreprenørskap og følgjer studentane tett når ligaen blir arrangert.
– Det er ingen betre måte å førebu seg på ei framtid som entreprenør enn ved å stupe hovudet først inn i verkelege utfordringar, og det er nøyaktig det Oslo entreprenørskapsliga tilbyr, seier ho.
Prexl er djupt imponert over kva studentane i ligaen fekk til i 2024.
– Eg er verkeleg imponert over entusiasmen og kreativiteten studentane våre viste ved å skape innovative idear og bringe dei til live. Deira entreprenørskap og den eksepsjonelle kvaliteten på arbeidet deira er eit vitnesbyrd om den høge standarden på entreprenørskapsutdanninga ved OsloMet, seier ho.