Barnehageborn rekkar hendane i veret

Fleirspråkleg barnehagemiljø - ny kompetansepakke for barnehagane

Det blir snakka mange ulike språk i norske barnehagar. Korleis kan språkleg mangfald bli ein stimulans for heile barnegruppa? OsloMet-forskarar står bak ein ny kompetansepakke.

Kompetansepakka Fleirspråklig barnehagemiljø vart nyleg lansert av Utdanningsdirektoratet (Udir). Den er gratis og open for alle som jobbar i barnehagen.  

Rammeplanen for barnehagen seier at personalet skal jobbe for at språkleg mangfald blir ein stimulans for heile barnegruppa. Fleirspråklege barn skal få støtte til å bruke morsmålet sitt. Personalet skal også fremme og utvikle kompetansen til barna på norsk eller samisk.  

Kompetansepakka viser gjennom fagleg innhald, døme frå barnehagekvardagen og forslag til aktivitetar korleis barnehagen kan inkludere barn i det felles språket, og korleis ein kan møta alle barn på deira eigne språklege premiss.

Den støttar også dei tilsette i barnehagen i å reflektera over verdiar, haldningar og kultur i eigen barnehage.  

OsloMet-forskarar har utvikla innhaldet

Prosjektleiar har vore Katrine Giæver, førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved OsloMet. Ho har mykje erfaring med språk og fleirspråklegheit i barnehagen, og har jobba med tematikken i ei årrekkje.  

I tillegg til Giæver, har fleire forskarar ved barnehagelærarutdanninga vore med på å utvikle innhaldet: Nina Gram Garmann, Johanne Ilje-Lien, Elena Tkachenko, Linn Stokke Guttormsen og Anna Sara Hexeberg Romøren.

Carola Kleeman frå UiT Noregs arktiske universitet og Anja Maria Peschfrå Høgskolen i Innlandet har hatt ansvar for det samiske innhaldet.

Variert innhald som personalet kan samarbeida om

Kompetansepakka består av fire modular som gir fordjuping i ulike tema. Det er lagt opp til at personalet i barnehagen samarbeider om modulane, og dei kan brukast over lang tid.  Modulane har variert innhald, med fagtekstar, forslag til aktivitetar, lydfiler og filmar.

Modulane i kompetansepakka er:

Les meir og sjekk ut kompetansepakka (udir.no).

Sjå opptak av Udir sitt webinar frå lanseringa, der Giæver, Garmann og Ilje-Lien bidreg.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 03.05.2024 | Siv Tonje S. Håkensen