Sjukepleiarutdanninga i Oslo har ein auke på 37 prosent fleire førsteprioritetssøkarar frå i fjor, og med 1389 førsteprioritetssøkarar er det både den mest populære utdanninga på OsloMet, og den sjukepleiarutdanninga i landet med flest førsteprioritetssøkarar.
På Kjeller, ved OsloMet sin campus på Romerike, aukar søkartala til sjukepleie med 49 prosent, og årets nye deltidstilbod i sjukepleie på Kjeller har 253 førsteprioritetssøkarar til dei 50 studieplassane som foreløpig er planlagt.
– Vi er veldig glade for at så mange ønsker å studere sjukepleie ved OsloMet. Dette er eit interessant studium som også er eit trygt utdanningsval fordi samfunnet har stort behov for fleire sjukepleiarar i åra som kjem, seier rektor Christen Krogh.
– At så mange ønsker seg til det nye deltidstilbodet på Kjeller viser at vi har truffe nye grupper av søkarar, både med moglegheita til å ta utdanning ved sida av jobb og ved at tilbodet er på Romerike, seier rektor.
Totalt har OsloMet ein auke i talet på førsteprioritetssøkarar frå Akershus på 4,6 prosent frå i fjor.
Stadig fleire menn vil bli sjukepleiar
Andelen mannlege søkarar til sjukepleie fortset å auke, og i år har 100 fleire menn sett sjukepleieutdanninga i Oslo på førsteplass samanlikna med i fjor. Totalt er no over 18 prosent av førsteprioritetssøkarane til sjukepleieutdanningane ved OsloMet menn.
– Dette er veldig bra, seier rektor. Det viser at satsinga vår på menn i sjukepleie verkar. Samfunnet treng fleire menn som jobbar med omsorg.
Positiv utvikling for lærarutdanninga
Den fallande kurva som lærarutdanningane har sett dei siste åra har i år snudd ved OsloMet.
24 prosent fleire vil bli grunnskolelærar på 1. - 7. trinn, og auken på grunnskolelærarutdanningane for 5. - 10. trinn er 23 prosent samanlikna med i fjor.
Grunnskolelærarutdanninga 1. - 7. ved OsloMet er den mest søkte lærarutdanninga i landet.

Rektor Christen Krogh gler seg over at talet på søkarar til sjukepleie- og lærarutdanning ved OsloMet aukar. Foto: Sonja Balci
– Det er godt å sjå at trenden snur, og at fleire no søker seg til lærarutdanninga. Gode lærarar er svært viktige for heile samfunnet. Vi skal ta dei nye studentane godt imot og gjere det vi kan for at dei får dei beste føresetnadene for å bli gode lærarar, seier rektor Krogh.
– Vi skal halde fram med å jobbe med lærarutdanningane – både med rekruttering til studiet og for å utvikle studiet til å bli enda betre, legg han til.
Barnehagelærarutdanninga følger ikkje same trend. Også i 2025 er det ein nedgang i søkartal for denne utdanninga. Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er imidlertid populært, og OsloMet har 90 søkarar til 65 studieplassar.
– Vi har eit godt samarbeid med universitetsbarnehagane våre, og er glade for å gi fagarbeidarar og assistentar moglegheit til å ta utdanning på arbeidsplassen, seier rektor.
Størst konkurranse på økonomi og leiing
Tøffast konkurranse om studieplassane blir det i år på bachelorstudiet i økonomi og leiing der 402 søkare knivar om 34 planlagte studieplassar – nesten 12 søkarar per studieplass. Dette studiet har også ein stor auke i talet på kvinnelege søkarar, med ein oppgang på 30 prosent frå i fjor.
Årsstudiet i medium og kommunikasjon er også populært, med nesten 11 søkarar per studieplass.
Helse og sosial er populært
Framleis er det stor og stabil søking til utdanningar innanfor helse- og sosialfag ved OsloMet. Ved sidan av sjukepleie, er i år radiograf- og farmasiutdanningane spesielt populære, med høvesvis 18 og 13,5 prosent auke i søkartal frå i fjor.
Også bachelorstudiet i sosialt arbeid er attraktivt, med heile 700 førstevalssøkarar til 170 studieplassar – 6 prosent auke frå i fjor.
Data og teknologi
Det er framleis høge søkartal til studium innanfor data og informasjonsteknologi. Men det er ein tendens til lågare søknad for mange av desse studia samanlikna med i fjor.
– Dagens samfunn har stort behov for kompetente teknologar. Dette er viktige studium som OsloMet prioriterer, seier rektor.
På ingeniørutdanningane varierer søkartala noko. Elektroingeniør er i år delt i opp i to spesialiseringar: elektronikk, og automatisering og robotikk. Begge er populære studium blant årets søkarar, og samla sett er det ein auke i talet på førstevalssøkarar på heile 81,6 prosent for elektroingeniørstudia.
I alt er det 14 129 søkarar i Samordna opptak som har OsloMet som førstevalet sitt i 2025, noko som er på nivå med fjoråret.
Masterutdanningar
Over 9 500 ønsker i år å ta ein master ved OsloMet, noko som gir ein auke på 11 prosent frå i fjor. I gjennomsnitt konkurrerer over fire søkarar om kvar studieplass. Blant masterstudia som har stor søking er det nye studiet i helseteknologi – assisterande teknologi i helse, som har 219 søkarar til 30 studieplassar.
Også spesialiseringar innanfor anvend data- og informasjonsteknologi (ACIT) veks stort. Robotics and control, og Cyber Security har ein auke i talet på førsteprioritetssøkarar på høvesvis 98 og 87 prosent.
Det er framleis masterstudiet i økonomi og administrasjon som har flest søkarar, med 1082 søkarar til saman på dei to spesialiseringane sine. Masterstudiet med flest søkarar per studieplass er spesialiseringa i medier og kommunikasjon på master i medieutvikling, der det er over 13 søkarar per studieplass.
Ti på topp: bachelor og årsstudium – tal på førstevalssøkarar
- Sjukepleie, Oslo, 1389
- Økonomi og administrasjon, 1017
- Fysioterapi, 797
- Sosialt arbeid, 700
- Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, 644
- Barnevern, 555
- Anvend datateknologi, 518
- Paramedisin, 504
- Sjukepleie, Kjeller, 435
- Økonomi og leiing, 402
Ti på topp: bachelor og årsstudium – førstevalssøkarar per studieplass
- Økonomi og leiing, 11,82
- Medium og kommunikasjon, årsstudium, 10,80
- Dokumentasjonsforvaltning, deltid, 8,95
- Paramedisin, 8,40
- Kunst og design - mote og produksjon, 7,46
- Fotojournalistikk, 7,17
- Radiografi, 6,42
- Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium, 6,13
- Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, 5,11
- Sjukepleie, deltid, 5,06
Ti på topp: master – tal på førstevalssøkarar
- Økonomi og administrasjon, siviløkonom - andre retningar, 714
- Master i helsevitskap - helsesjukepleie heiltid, 628
- Master i jordmorfag, 392
- Økonomi og administrasjon, siviløkonom - statsautorisert revisor, 368
- Master i spesialsjukepleie – anestesisjukepleie, 344
- Styring og leiing, deltid, 338
- ACIT - Cyber Security, 320
- Sosialfag - familiebehandling, deltid, 307
- Offentleg administrasjon og styring, 281
- ACIT - Applied Artificial Intelligence, 251
Ti på topp: master – førstevalssøkarar per studieplass
- Medieutvikling - medium og kommunikasjon, heiltid, 13,2
- International Development, Education, and Sustainabilities, 10,8
- ACIT - Cyber Security, 10,7
- Økonomi og administrasjon, siviløkonom - statsautorisert revisor, 10,5
- Sosialfag - familiebehandling, deltid, 10,2
- Master i helsevitskap - helsesjukepleie heiltid, 9,0
- Master i farmasi, 8,4
- ACIT - Applied Artificial Intelligence, 8,4
- Master i helsevitskap - psykomotorisk fysioterapi, 8,0
- Master i spesialsjukepleie - anestesisjukepleie, 8,0