Fysioterapistudent gir treningsråd til eldre person.

Forskarskole til OsloMet

Fakultet for helsevitskap ved OsloMet har fått tildeling frå Forskingsrådet til å etablere forskarskole.

Forskingsrådet lyste i fjor haust ut midlar til å etablere forskarskolar, der det blei lagt særleg vekt på relevansen for eit breiare arbeidsliv og at forskarskolane skal samarbeide med ein eller fleire verksemder frå næringslivet eller offentleg sektor.

Gjennom forskarskolane skal stipendiatar ha tilgang til doktorgradskurs av høg vitskapleg kvalitet, og fagleg nettverk og forskarfellesskap.

OsloMet har no fått tilslag på éin forskarskole som skal koordinerast frå Fakultet for helsevitskap. Prosjektet "Partners-in-Care: Municipal Health Care Research and Innovation School" har fått 16 millionar kroner.

Portrett av Marit Kirkevold.

Dekan Marit Kirkevold ved Fakultet for helsevitenskap. Foto: Sonja Balci / OsloMet

– Denne tildelinga er vi spesielt glade for og stolte av, seier Marit Kirkevold, dekan ved Fakultet for helsevitskap.

– Forskarskolen skal utviklast og drivast av eit sterkt konsortium av kommunar og universitet og høgskolar rundt om i Noreg. Målet er å utvikle kunnskap, kompetanse og innovative metodar på tvers av kommunesektoren og akademia slik at vi saman kan bidra til å løyse dei store utfordringane som helse- og omsorgstenestene står overfor i åra som kjem, seier ho.

Prorektor gratulerer

– Gratulerer så mykje til dekan Marit Kirkevold og fagmiljøet ved Fakultet for helsevitskap med å ha nådd gjennom med ein spennande søknad, seier prorektor for forsking og utvikling, Tanja Storsul.

– Dei siste vekene har vi snakka mykje om den gode utviklinga i forskingsverksemda ved universitetet, og då kjem denne nyheita som ei gledeleg fortsetting på historia, seier ho.

Partnarar i tre forskarskolar

OsloMet deltar i tillegg som partnarar i tre av dei andre forskarskolane som har fått tilslag:

Les meir om dei innvilga forskarskolane hos forskningsrådet.no.

Publisert: 07.04.2025 | Kjersti Thoresen | Toppbilde: Benjamin A. Ward | Portrettfoto: Sonja Balci