Elevar deltek på forskingsdagane inne på Deichman Holmlia

Engasjerte forskarspirer på Holmlia

Det gnistra i auge og spraka i synapsar då OsloMet arrangerte forskartorg for elevar i Søndre Nordstrand bydel, som ein del av dei nasjonale forskingsdagane.

Årets tema var helse, og i overkant av 250 elevar frå femte til sjuande trinn fekk oppleve engasjerte forskarar og tilsette vise fram alt frå korleis kunstig intelligens blir nytta til diagnostisering, korleis spelteknologi kan brukast i rehabilitering og kor raskt pulsen aukar av aktivitet.

Og dommen frå Andreas og Sondre var eintydig: 

– Om det er gøyare enn å vere på skulen? Ja, ja! Mykje gøyare!

To smilande elevar med elektrodehetter på hovudet

Andreas og Sondre lærer om hjerneaktivitet. Foto: Mina Kjønnås Abrahamsen/OsloMet

Gutane synest det var vanskeleg å velje ut nøyaktig kva som var gøyast: Både VR-briller og å lage eigne buttons hamna høgt på lista. 

Men det var veldig interessant med dei hjernegreiene. Å ha på hjelmane, og lære korleis hjernen tenkjer. – Andreas og Sondre, elevar ved Toppåsen skole

Verdifullt for forskarane

Dei hjernegreiene Andreas og Sondre snakkar om, er det Hadia Azadeh Hajian, Adam Emil Aske og Vanessa Salazar frå forskargruppa ADEPT som står bak. Gruppa er tverrfagleg samansett, og driv innanfor hovudområda hjernehelse og hjerneinspirert teknologi. 

På Holmlia fekk elevane ved bua deira teste utstyr som les av hjerneaktivitet ved hjelp av både lys og elektrodar. Denne typen målingar gir informasjon om korleis ulike delar av hjernen blir aktiverte, og kan nyttast til mellom anna behandling og rehabilitering av slagpasientar.

For forskarane sjølv gir denne typen møter ny energi. 

– For oss som forskarar og formidlarar har det stor verdi å vere her, og vise fram kva vi driv med til barn. Elevane kjem hit med openheit, nysgjerrigheit og mange spørsmål. Det er eit heilt anna publikum, og det gjer at vi må tenkje gjennom korleis vi presenterer forskinga. Det er god trening i å forklare dette feltet på ein «enklare» måte,» seier Hajian og Aske.

Inspirasjon til lærarane

Nysgjerrigheit og kreativitet er nøkkelorda Aurora Westad, lærer ved Toppåsen skule, også trekkjer fram: 

– Å vere med på eit arrangement som dette skaper kreativitet hos elevane. Dei kjem hit med ei nysgjerrigheit og forventning om å prøve nye aktivitetar; aktivitetar dei ikkje blir eksponerte for i klasserommet. Dei får dessutan sjå framgang i teknologien som skulen ikkje får vist fram enno. Som naturfaglærar tek eg med meg mykje inspirasjon til ny undervisning.

Lærar Aurora Westad frå Toppåsen skule smilar på forskningsdagane

- Fint å sjå så mange glade barn samla på ein stad, seier lærar Aurora Westad frå Toppåsen skule. Foto: Mina Kjønnås Abrahamsen/OsloMet

Forskingstorg for alle 

Medan fredagen var reservert for påmelde skuleklassar, var forskingstorget ope for alle interesserte laurdag. Fleire av elevane som hadde besøkt torget med klassen sin kom tilbake for å dele opplevinga med foreldre og søsken. Dei fekk følgje av eit variert publikum, med alt frå barn i barnevogn til seniorar på over åtti som ville prøve ut aktivitetane OsloMet-forskarane hadde laga.  

Helseteknologi engasjerte

Forskingstorget 2024 var eit samarbeid mellom OsloMet, bydel Søndre Nordstrand og Deichman Holmlia.  

Dei tre partnarane samarbeida og om kveldsseminaret «Helseteknologi for alle?» som trekte fullt hus, også det på Deichman Holmlia. 

eit panel med fire deltakarar sit framfor eit lerret med teksten Helseteknologi for alle? med publikum i forgrunnen.

Ein fullsatt sal fekk høyre om helseteknologiens moglegheiter og utfordringar på kveldsarrangementet på Deichman Holmlia. Foto: Åshild Losnegard

Blant innleiarane var forskarar frå OsloMet, tilsette i helsetenesta i bydelen, den premierte legen og teknologigründeren Ishita Barua og statssekretær Usman Mushtaq i Helse- og omsorgsdepartementet. 

Eit svært engasjert publikum fekk høyre om årsaker til at god helse er ulikt fordelt i samfunnet, og om moglegheiter og fallgruver som ligg i helseteknologi.

Foto: Mina Kjønnås Abrahamsen/OsloMet

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 25.09.2024 | Tor Even Marthinsen | Åshild Losnegard