Nærbilete av hender til barn og vaksen som held eit grønt nett med løk

Skal hjelpe hundre europeiske hushald å leggje om til berekraftig livsstil

Nytt EU-prosjekt: Familiane skal teste ut løysingar for å bruke opp matrestane og reparere kleda sine. Asker kommune er norsk deltakar i prosjektet.

– Målet med prosjektet er å få folk til å endre korleis dei bruker mat og klede. Vi skal undersøkje om hushalda kan bli sirkulære og få både ein meir berekraftig kvardag og høgare livskvalitet, seier SIFO-forskar Harald Throne-Holst.

Han leier den norske delen av EU-prosjektet CARE, som skal gi 100 hushald i seks ulike land verktøy til å leggje om livsstilen. Forskarane håpar at erfaringane herifrå kan skalerast opp til endå fleire hushald over heile Europa.

Skal bli rå på restemat og planlegging

Med på laget er Asker kommune, som skal rekruttere 30 hushald som skal få teste ut dei ulike løysingane. Kommunen skal også gi råd og rettleiingar undervegs.

Ein sirkulær livsstil innanfor hushalda kan bety noko så enkelt som å kaste mindre mat som kunne vore ete. Forsking på matsvinn viser at kvar femte handlepose med mat går i søpla, og det er ikkje verken økonomisk eller berekraftig.

– Det kan handle om korleis vi planlegg måltida ut frå kva vi har heime. Kva treng vi å ha i skapet? Det handlar også om å lære seg å lage restemat. I staden for å kaste restane kan dei brukast som ingrediensar til nye retter, seier Throne-Holst.

tre personar foran tre med oransje blad

Tre av forskarane i CARE-prosjektet. Christian Fuentes (til venstre) er tilknytta Lunds Universitet og er partner i prosjektet. Her saman med Ingrid Haugsrud, SIFO, som er stipendiat i prosjektet og Harald Throne-Holst, prosjektleiar for den norske delen. Foto: Kjersti Lassen

Reparasjon og rett klesvask

Sirkulær innanfor feltet klede handlar om å bruke kleda lenger ved å kunne reparere dei og halde dei ved like.

– Vi skal mellom anna tilby utstyr for reparasjon, reparasjonssamlingar og videoar om korleis deltakarane kan ta vare på kleda sine. Vi skal lage ein guide om ulike fibrar i klede, slik at folk kan vaske rett. Og det blir klesbytesirkel for at folk skal kunne gi vidare det dei ikkje treng, fortel forskaren.

– Ein sirkulær tankegang med mat og klede handlar om at vi treng kunnskap om materiale og produkt. Vi må endre praksisane våre rundt forbruk av mat og klede, og då handlar det mykje om å lære seg å planleggje godt, seier han.

Målet er at deltakarane reduserer matsvinnet med 30-50 prosent og kjøper 30-50 prosent færre nye klede. Deltakarane skal sjølv vere med å måle og telle før, undervegs og etterpå.

Spare pengar og få ned stresset i kvardagen

Forskarane er spente på kor stor del av tida til deltakarane dette kjem til å ta. Dei er opptekne av at prosjektet også skal gi noko tilbake.

– Det skal ikkje vere dyrare for hushalda å vere med på dette. Vi ønskjer at det skal vere med å auke livskvaliteten, ved at dei opplever å meistre å reparere og redusere, seier Throne-Holst.

Kanskje kan det å lære seg å planleggje få ned noko av stresset i kvardagen. Og kanskje fører det til at folk blir meir glad i tinga sine.

– Dette har vi ikkje svaret på enno, så det er ei veldig morosam utfordring!

Om prosjektet

CARE-prosjektet er finansiert av EU gjennom Horisont Europa. Prosjektet har elleve partnarar i seks ulike land, og skal vare fram til 2027. 

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 02.02.2024 | Kjersti Lassen