Forskingsrådet har tildelt støtte til seks prosjekt som skal bidra til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for utvikling av forskings- og innovasjonspolitikken.
Blant dei er By- og regionforskingsinstituttet NIBRs prosjekt «Innospace: Transformative capacities for place-based innovation in Norwegian Innovation Districts».
– Vi grip fatt i ein heilt grunnleggjande faktor for å skape berekraftig innovasjon, nemleg bygging av transformativ kapasitet, seier prosjektleiar Gavin McCrory, forskar ved NIBR.
Kapasitet står allereie sentralt på transformasjon-dagsordenar, både i Noreg og internasjonalt.
– Men det er sjeldan undersøkt nærare i praksis, saman med aktørar som jobbar for å nå ambisiøse samfunnsmål, seier McCrory.
Det er nettopp det han skal gjere.
Gjennom tett samarbeid med innovasjonsdistrikt i Oslo og Bergen, omstillings- og styringsforskarar på NIBR og innovasjonsforskarar frå Høgskulen i Vestlandet, skal prosjektet byggje viktig kunnskap på tvers av forsking, praksis og innovasjonssystem.
Det skal dei klare ved hjelp av analytiske kartleggings- og designmetodar for å utforske kapasitet både på individuelle, organisatoriske og strukturelle nivå.
– Eit viktig prosjekt
– Innospace tek etableringa av innovasjonsdistrikt i norske byar på alvor, seier Geir Heierstad, direktør på NIBR, og legg til:
– Stadsbasert innovasjon blir stadig viktigare for politikarar og næringsliv, men det manglar framleis mykje kunnskap om korleis denne forma for å styre innovasjon faktisk fungerer.
Gjennom å kople forsking på innovasjon, styring og berekraftig utvikling, skal prosjektet finne stadstilpassa og skalerbare løysingar.
– For NIBR er dette eit viktig prosjekt, som går rett inn i samfunnsmandatet vårt om å få fram kunnskap om berekraftig utvikling i byar og regionar, seier Heierstad.
– Treng eit grundig kunnskapsgrunnlag
I tillegg til NIBR, får også Arbeidsforskningsinstituttet AFI, støtte frå Forskingsrådet.
Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling ved OsloMet, er glad for at to prosjekt frå OsloMet hamna blant dei seks utvalde som får midlar.
– For å kunne leggje betre til rette for god, sikker og effektiv forskings- og innovasjonsaktivitet i Noreg, treng me eit grundig kunnskapsgrunnlag om korleis systemet fungerer i dag og kvar skoen klemmer. Det er eg stolt og glad for at dyktige kollegaer ved OsloMet no skal bidra til å ta fram, seier ho.
Storsul leier Forskingsrådets porteføljestyre for forskingssystemet, som behandla søknadene. Ho var inhabil og deltok ikkje i søknadsbehandlinga.