Erfarings- og kunnskapsutveksling mellom akademia og næringslivet gir sistnemnd moglegheit til å bruke kunnskapen for å utvikle samfunnsnyttige tenester og produkt.
Forsking retta mot næringslivet
OsloMet er medlem av fleire helse- og teknologiklynger. Klyngjar er eit nettverk for forskingsinstitusjonar, bedrifter og offentlege aktørar. Dei fungerer som nøytrale aktørar som leggjar til rette for samarbeid på tvers av fagfelt og sektorar.
Målet er mellom anna å auka innovasjon innan helse og teknologi. Medlemskapane gir OsloMet eit høve til å samarbeide med relevante fag- og innovasjonsmiljø.
– Klyngjene er ein nøytral aktør, og vi legg til rette for gode offentleg privat samarbeid. Vi ønskjer å kople og å samhandla med dei rette miljøa for å lykkast med målet vårt som er å bidra til ei raskare utvikling av ei berekraftig helseteneste, fortel Kari Anne Dehli, senior rådgivar, Norway Health Tech.
Viktig konkurransefortrinn
Kunnskapsbasert innovasjon er viktig for å tilby samfunnsnyttige produkt og tenester. Forsking driven innovasjon innan helse og teknologi gir eit stort konkurransefortrinn i utvikling og vidareutvikling av tenester og produkt.
Intelligent helse, OsloMet si satsing på helse og teknologi, ønskjer å fremje meir samarbeid mellom OsloMet og helse – og teknologiklynger.
– Intelligent helse er ein bidragsytar i kontakten mellom klyngjene og forskarane. Målet med dette er å få til meir samarbeid både tverrfagleg og tverrsektorielt, inkludert fleire felles forskingsprosjekt innan helse og teknologi, forklarer Vibeke Telle-Hansen, professor i ernæring og fagleg ansvarleg for Intelligent helse, OsloMet.
Treng nytenking og samarbeid
For å løyse utfordringane i helse- og omsorgssektoren er det nødvendig med nytenking og samarbeid på tvers av sektorar og fagfelt.
– Forskingsdrevet innovasjon er viktig for å løyse utfordringar i samfunnet og akademia har ei naturleg rolle i innovasjonsøkosystemet, seier Telle-Hansen.
Helse- og teknologiklyngene bidreg til å samle innovasjonsøkosystemet og leggje til rette for å dele kunnskapsgrunnlaget gjennom tverrfaglege samarbeidsarenaer og prosjekt.
Frå forsking til kommersialisering
Eit døme er HealthHACK som vart arrangert av The Life Science Cluster og Intelligent helse. Den tverrfaglege møteplassar gav studentar innblikk i arbeidslivsrelevante utfordringar og nettverksbygging med potensielle arbeidstakarar.
– Samarbeid med forskingsmiljø på OsloMet er viktig for The Life Science Cluster. Vår visjon og misjon er basert på forskingskunnskap. Vi skal bidra med at prosessen frå forsking til kommersialisering går fortare, Delphine Costa, dagleg leiar, The Life Science Cluster.
Kari Anne Dehli, senior rådgivar, Norway Health Tech legg til
– Næringa ønskjer tett samarbeid med forskarar i utviklingsløpet frå ide til produkt som er på marknaden.
Arenaer for gode samarbeid
Ein viktig startstad for å få til gode og langsiktige samarbeid er å komme i kontakt med relevante samarbeidspartnarar og identifisere felles behov og moglegheiter. Intelligent helse legg til rette for tverrfaglege møteplassar der nettverksbygging og samling av ulike fagfelt og sektorar skjer.
– Intelligent helse er ein døropnar og ein «vei inn» for oss klyngjar og medlemmene våre, Dehli.
Intelligent helse har nettopp fått midlar til fire nye år. På planen framover står mellom anna vidareutvikling av tverrfaglege møteplassar. Målet er å arrangere fleire konferansar, seminar og nettverksmøter for å fremje samarbeid med offentleg og private aktørar.
– Intelligent helse har godt samarbeid med fleire helse- og teknologiklyngjer, og vi samarbeider om møteplassar for å bli kjende på tvers. Vi jobbar med å få til fleire arrangement med nye høve til å bli kjende, avsluttar Telle-Hansen.