Leiarane for Intelligent helse pratar saman på OsloMet Campus.

Intelligent helse får midlar til fire nye år

Intelligent helse er OsloMet si satsing på helse og teknologi. – Vi er glade for at Intelligent helse blir verdsett og vidareført i fire nye år.

Det seier Vibeke Telle-Hansen som er professor i ernæring og fagleg ansvarleg for Intelligent helse, OsloMet.

Det blir den andre perioden for satsinga på helse og teknologi. Intelligent helse vart etablert i 2022, etter fleire års arbeid med å styrkje samarbeid på tvers av fagområda helse og teknologi ved OsloMet.

– Målet er å samle det gode arbeidet som allereie blir gjort på fakulteta i helse og teknologi og leggje til rette for meir samarbeid og kunnskapsutvikling, både internt og eksternt, seier Telle-Hansen.

OsloMet si satsing på helse og teknologi kjem som eit svar på utfordringane i helse- og omsorgssektoren. Gjennom Intelligent helse skal OsloMet levere ny kunnskap til helse- og omsorgstenestene.

– Vi må tenkte nytt og vi må tenkte saman for å finne nye kunnskapsbaserte løysingar som kan lette arbeidet til helsepersonell og effektivisere tenestene for å halde oppe kvaliteten i helsetenestene i åra framover, seier Kaare Magne Nielsen, prodekan forsking og innovasjon og leiar for Intelligent helse ved fakultetet for helsevitskap.

Sidan etableringa har Intelligent helse invitert til over 20 arrangement med tematikk i skjeringspunktet helse og teknologi. Det har vore konferansar, hackathon i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar, interne møteplassar og frukostmøte. 

I 2022 lyste Intelligent helse også ut såkornmidlar til igangverande og planlagde forskingsprosjekt ved Fakultet for helsevitskap (HV) og Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD). Av 28 søknader fekk åtte prosjekt utdelte midlar.

– Vi styrkjer også samarbeidet med offentleg og private aktørar. Vi får tilbakemeldingar frå eksterne aktørar om at Intelligent helse er ein veg inn i akademiske forskingsmiljø. Mange ønskjer å samarbeide med dei gode fagmiljøa våre, og gjennom Intelligent helse kjem dei i kontakt med rette personar, seier Telle-Hansen.

Intelligent helse er eigd av HV og TKD. Begge fakultet dreg stor nytte av å ha Intelligent helse som ein koplingsmekanisme på tvers av sektorar og fagfelt.

– TKD har drege nytte av Intelligent helse på fleire måtar. Fagmiljø på fakultetet har mellom anna fått innvilga såkornmidlar for anskaffing av utstyr som har gjort det mogleg å initiere samarbeid med Beitostølen helsesportsenter og Olympiatoppen, seier Astrid Oust Janbu, instituttleiar og leiar for Intelligent helse satsinga ved TKD.

Dei neste fire åra skal Intelligent helse halde fram med å ha fokus på å utvikle partnarskap og kople fagmiljø på tvers av sektorar og fagfelt for å bidra til meir kunnskap som er nyttig for helse- og omsorgsteneste.

– I tillegg til arrangement på tvers av fagmiljø og sektorar, nye innovasjonsaktivitetar, forsterkar vi samarbeid og partnarskap, og vi vil jobbe for framtidsretta utdanningsaktivitetar i skjeringspunktet mellom helse og teknologi ved OsloMet, avsluttar Telle-Hansen.

Publisert: 17.12.2024 |