English version
portrettbilde av Jorge Jensen

Jorge Jensen blir ny direktør ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO

Jensen kjem frå stilling som fagdirektør i Forbrukarrådet.

Styret i Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved OsloMet har tilsett Jorge B. Jensen som ny direktør ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO. Jensen (56) er sosiolog frå NTNU i Trondheim, og kjem frå stilling som fagdirektør i Forbrukarrådet.

Han har i fleire år vore ein profilert talsperson for ein meir kunnskapsbasert og aktiv forbrukarpolitikk, og har god erfaring både med leiing og nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt.

– Forbruksforsking har vore ein sentral del av arbeidslivet mitt over lang tid og eg gler meg stort til å ta fatt i arbeidet med å leie ei så velrenommert verksemd som SIFO, seier Jensen.

– Eg er takksam for å ha fått høvet til å tre inn i rolla som instituttdirektør.

Jensen tek over for Eivind Jacobsen, som har hatt direktørstillinga i åtte år. 

Vidareføre SIFO sitt samfunnsoppdrag

Også leiar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking, Kåre Hagen, er glad for avgjerda til styret:

– Jensens store erfaring med forbrukarpolitikk og kjennskap til kunnskapsbehova på feltet, gjer han usedvanleg godt skikka ikkje berre til å føre vidare SIFO sitt samfunnsoppdrag, men også til å bidra med at meir kunnskap om situasjonen for forbrukarane og rolla i hushalda kan komme sterkare inn i profesjonsutdanningane ved OsloMet, seier Hagen.

Jensen blir tilsett i ein åremålsstilling på fire år. 

Stort ansvar

– SIFO er heilt i spissen av forbruksforsking, både nasjonalt og internasjonalt. Det gode arbeidet som blir gjort på SIFO kvar einaste dag bidreg til at OsloMet er leiande på forskingsbasert kunnskap for velferdssamfunnet. Som instituttdirektør skal eg sikre statusen som instituttet har opparbeidd seg over fleire tiår og det er eit stort ansvar, seier Jensen.

– Eg vil bruke god tid på å bli endå betre kjent med staben og alle dei spennande prosjekta som går føre seg på så mange frontar i verksemda.  

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 07.12.2023 | Kjersti Lassen