Her kan du få inspirasjon til korleis KI kan nyttast i vurderingsarbeid. Vi tek utgangspunkt i faga norsk, engelsk og samfunnsfag.
Det blir lagt ut opptak av webinara. For dei som deltek i sanntid vil det vere mogleg å stille spørsmål i etterkant av opptaket, og også å komme med innspel til neste webinar i rekka.
Webinara vart publisert i vekene 3, 6, og 10 i 2025.
Webinara er eit oppdrag frå Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus der OsloMet skal bidra til å styrke det lokalet arbeidet med læreplanverket LK20 knytt til vurdering og bruk av kunstig intelligens i skolen.