Thorhild Stimo frå Fontenehus Norge og Anka Ødegaardshaugen frå KAI tar kvarandre i hendene. AFI- og Fontenehus-ansatte sit i bakgrunnen.

KAI inngår samarbeid med Fontenehus Norge

OsloMet skal tilby overgangsarbeid og andre former for arbeidsinkludering, og KAI skal bidra med faglege innspel til Fontenehus for aktivitetane deira.

Fontenehus Norge

Fontenehuset er ein internasjonal rehabiliteringsmodell som tilbyr ein arbeidsfellesskap for menneske som har eller har hatt psykiske utfordringar. Fontenehus Norge er samarbeidsorganisasjonen i fontenehusa.

– Fontenehus er allereie inne som gjesteforelesarar i nokre av utdanningane våre. KAI håpar å kunna bidra til at fleire utdanningar inviterer Fontenehus inn i undervisninga slik at kunnskap om Fontenehus blir ein del av utdanninga, siger Anka Ødegaardshaugen, leiar for KAI.

Fontenehus kan også gi forskarar ved OsloMet tilgang på relevante aktørar og medforskarar med psykiske helseproblem.

– Studentar ved relevante utdanningar ved OsloMet kan også ha praksisopphald ved Fontenehus, fortel Ødegaardshaugen.

Vil bidra med fagleg tyngd

– Me er opptekne av å skapa arbeidsmoglegheiter for folk som slit psykisk. Samarbeidet med KAI vil bidra til fagleg tyngt bak Fontenehusmodellen, og dessutan ei kunnskapsutveksling som vil bidra til utvikling av både modellen vår og kompetansen på feltet, seier dagleg leiar og politisk ansvarleg i Fontenehus Norge Torhild Stimo.

I tillegg til å bidra med fagleg tyngd trekkjer Stimo fram viktigheita av at studentar som slit psykisk får tilgang til ein konstruktiv fellesskap i periodar dei treng det.

– OsloMet har studentar og forskarar som kan bidra til at me lærer meir om ulike faglege perspektiv innan arbeidsretta rehabilitering. Samtidig kan me forhåpentleg forsyna dykk med nyttig kunnskap og innsikt frå det igangverande arbeidet vårt med arbeidsretta rehabilitering etter Fontenehusmodellen, siger Stimo.

Anka Ødegaardshaugen, dagleg leiar i KAI, Elisabeth Nørgaard, rådgivar ved AFI og Øystein Spjelkavik, forskar ved AFI sit på ein benk og drikk kaffi under signeringa av avtalen mellom KAI og Fontenehus Norge.

Frå venstre: Anka Ødegaardshaugen, dagleg leiar i KAI, Elisabeth Nørgaard, rådgivar ved AFI og Øystein Spjelkavik, forskar ved AFI under signeringa av avtalen mellom KAI og Fontenehus Norge. AFI har allereie ein avtale om overgangsarbeid med Fontenehus. Foto: Håvard Paulsen, Fontenehus Norge

– Eit samarbeid med KAI er ei anerkjenning av verksemda vår som me er stolte og glade for. Det kan bidra til at fleire fagfolk og kunnskapsmiljø får auga opp for Fontenehusenes modell for arbeidsrehabilitering, siger Stimo.

Publisert: 16.05.2023 | Pål Arne Kvalnes