Cecilie Langum Becker oppmodar onsdag 18. mai norske arbeidsgivarar (og NAV) til å bruke situasjonen den norske arbeidsmarknaden no er inne i – med stort behov for arbeidskraft – til å hente arbeidslause folk «frå NAV» over i arbeid (nrk.no).
Dagen etter føreslår Simen Markussen i ein kronikk i Dagens næringsliv å kalle inn «reservestyrkene» ved å kombinere lønn og trygd med hardare praktisering av aktivitets- og mobilitetskrav (dn.no bak betalingsmur). Dette er gode og interessante innspel, som arbeidsgivarar og NAV bør ta på høgste alvor.
Vi støttar opp om Langum Becker og Markussen sine oppfordringar, men vi tvilar på at gode intensjonar, subsidiering av lønn og aktivitetskrav er nok. Bedriftene må også sjølv gjere ein innsats for å utvikle inkluderingskompetanse og arbeidskraft. NAV, helsetenester og skole må på si side samarbeide mykje tettare med bedriftene og støtte dei meir enn dei har gjort til no.
I sum kan dette gi både meir arbeidskraft, reduksjon i overgang til trygd, og mindre fastgrodd utanforskap i norske kommunar.
Også skolen og helsetenestene må ta ansvar her og ikkje berre overlate dette med arbeid til NAV– Kjetil Frøyland og Øystein Spjelkavik
Gjennom mange år med forsking på arbeidsinkludering veit vi at det finst mykje unytta arbeidskraft blant folk som er registrerte i NAV sine rullar. Nokre av desse kan ved å berre få ein ny sjanse, komme i arbeid og fungere på likefot med andre tilsette.
Men mange har også utfordringar som gjer det vanskeleg å meistre forventningane til eit arbeid fullt ut. Nokre vil trenge tilrettelegging, oppfølging og avgrensing av oppgåvene. Vi har snakka med mange av desse.
Vi veit også at utsette grupper på arbeidsmarknaden gjerne kjem i arbeid i større grad når arbeidsmarknaden er brennheit som no, men straks konjunkturane svingar andre vegen, er det desse gruppene som fell ut att. Det gjeld sårbar og utsett ungdom, menneske med sosiale og psykiske utfordringar, lærevanskar eller fysiske funksjonshemmingar.
Utvikle arbeidskraft på arbeidsplassen
Skal vi lukkast med meir varig inkludering av sårbare og utsette grupper må situasjonen vi no er i brukast til å gi dei aukt formell kompetanse slik at dei i framtida står sterkare og har kvalifikasjonar som arbeidslivet treng. Aukt kompetanse er ikkje det same som å tvinge endå fleire til skolebenken.
Vi har ein god sjanse no til å finne måtar å bruke arbeidsplassen som arena for opplæring og kvalifisering av desse menneska, slik at dei ikkje berre vert ei reservearbeidskraft som ramlar ut igjen når etterspørselen etter arbeidskraft minkar.
Opplæring og kvalifisering på arbeidsplassen krev tett samarbeid med bedriftene og dei tilsette som blir kollegaer med ansvar for både sosial inkludering og opplæring i arbeidsoppgåver i det daglege. Det er viktig å forstå at vellukka inkludering ikkje gjer seg av seg sjølv. Å inkludere krev tid, ressursar og kompetanse.
Bedriftene må vera innstilte på å gi støtte til meistring og utvikling, og kan ikkje forvente ferdig levert og topp motivert arbeidskraft, sjølv om mange av desse kan bli det på sikt. Dei fleste trivst og blir meir motiverte av å vere i arbeid dersom dei opplever meistring i arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø.
For nokre skal det ikkje så mykje til før dei kan gå opp til fagbrev– Kjetil Frøyland og Øystein Spjelkavik
Ein annan føresetnad som vår forsking peikar i retning av, er behovet for tettare samarbeid, der NAV-rettleiarar, jobbspesialistar og tiltaksarrangørar – meir enn dei tradisjonelt har gjort – inngår i offensivt samarbeid og samskaping med bedriftene, og hjelper bedriftene gjennom råd, rettleiing og eigna økonomiske verkemiddel. Også skolen og helsetenestene må ta ansvar her og ikkje berre overlate dette med arbeid til NAV.
I sum kan dette gi aukt inkluderingskompetanse på arbeidsplassane. Noko som ikkje berre kjem folka frå NAV, skoleelevar som slit og pasientar til gode, men som også vil vere eit pre for alle tilsette når vi av ulike årsaker får helseutfordringar eller kjem i livssituasjonar som gjer at vi ikkje klarer å jobbe som før.
Nokre bedrifter er alt i gang
Der finst bedrifter i Noreg som gjer dette allereie. Vi har i det siste intervjua tilsette i bedrifter som i samarbeid med NAV utviklar eigne mentorar som står for oppfølginga. Ei av dei – GE Healthcare, ei suksessrik teknologibedrift lokalisert i utkantstrøk på Sørlandet med mangel på arbeidskraft – har inngått samarbeid med NAV med føremål om å gi menneske frå NAV opplæring i bedrifta med sikte på fagbrev og fast tilsetjing.
For å lukkast samarbeider dei med NAV og andre kompetente på området om å utvikle dedikerte mentorar blant dei allereie tilsette i bedrifta. Desse mentorane skal så følge opp og tilrettelegge for arbeidstakarane som kjem via NAV.
For nokre skal det ikkje så mykje til før dei kan gå opp til fagbrev. Dei har ikkje så store utfordringar eller «hol i CV-en», og ein ny start etter nokre år med lediggang er den sjansen dei treng. Andre manglar heile vidaregåande skule og har hol ikkje berre i CV-en, men i sjølve livet.
Desse har behov for lengre og meir tilrettelagte læreløp. Men også blant desse finst det unytta arbeidskraft som kan bidra til å løyse dei utfordringane norske verksemder står i no. Her handlar det om både å sjå og gripe moglegheitene.
Meir om arbeidsinkludering
Muskel- og skjelettplager står for ein tredel av sjukefråværet. Men kva er det? Høyr forklaringa frå professor Margreth Grotle i KAI-podden (soundcloud.com).