Byggrynssalat i små, gjennomsiktige boksar

Ein kalkulator kan gje meir Nøkkelholmerka mat

Ein ny ernæringskalkulator kan gjere det enklare for matprodusentar å nøkkelholmerke maten dei produserer.

Dermed kan fleire matvarer bli Nøkkelholmerka.

Ved å taste inn informasjon om matvarene i kalkulatoren kan matprodusentar merke produkta sine med Nøkkelholmerket, ein anerkjend indikator for sunn mat.

Kalkulatoren er også konstruert for å kunne rekne ut kor godt matvarene oppfyller sunne ernæringspåstandar frå European Food Safety Authority (EFSA). 

Kalkulatoren forenklar prosessen

Noverande prosess med nøkkelholmerking av matvarer er tidkrevjande og ressurskrevjande, spesielt for små produsentar som manglar eigen ernæringskompetanse. 

– Ein ernæringskalkulator som kan gjere dette enklare kan bli revolusjonerande, seier førsteamanuensis på OsloMet, Way Kiat Bong, som i samarbeid med næringsklyngja «Fremtidsmat» har vore med på å utvikle kalkulatoren med aktivt bidrag frå studentar.

Skal brukartestast og utviklast vidare

Ernæringskalkulatoren er førebels i ein testfase.

– Tilbakemeldingane så langt er positive. Dei fleste synest at han er enkel å bruke, seier Bong.

Det neste steget i utviklinga av kalkulatoren er å verifisere kor nøyaktig EFSA-påstandane er implementerte i kalkulatoren.

Bong uttrykkjer ein visjon om at kalkulatoren ikkje berre vil bidra til å produsere sunnare mat, men at han også kan fremje meir berekraftig matproduksjon.

Kan bli eit viktig verktøy

Ernæringskalkulatoren er ein del av «Fremtidsmat» si digitale innovasjonsplattform, NORtritious, og er designa for å forenkle og betre utviklinga av sunnare og meir berekraftige produkt. 

Prosjektet er finansiert av medlemmene i «Fremtidsmat»,  og gamle Viken fylkeskommune i samarbeid med OsloMet. Matforskingsinstituttet Nofima og OsloMet tok intiativ til prosjektet. Nofima har også vore med på finansiere prosjektet, og har bidrege med ernæringskompetanse.

Dagleg leiar Anne Marit Rødland i «Fremtidsmat» er optimistisk med tanke på den nye ernæringskalkulatoren. Ho forklarer at kalkulatoren kan bli eit viktig verktøy for matprodusentar og bidra til utvikling av sunnare mat- og drikkeløysingar.

– Føremålet med kalkulatoren er at han skal bidra til at fleire utviklar sunne produkt som får merke som Nøkkelholet, slik at det blir fleire sunne produkt å velje blant. Han kan også gjere det ressurssparande å utvikle sunnare produkt, seier Rødland. 

Nøkkelholet skal gjere det enklare å velje sunt

Nøkkelholet er merkeordninga til dei norske styresmaktene som skal gjere det enklare å ta sunnare val.

Forutan Nøkkelholet, bidreg EFSA, den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik, til å betre mattryggleiken, verne forbrukarane og ta vare på tilliten til matvareproduksjonen til EU-landa.

EFSA har sjølv formulert dei vitskapleg beviste helsepåstandane som også er utgangspunkt for kalkulatoren. Desse påstandane antydar samanhengar mellom mat- og drikkeprodukt og helse. Det kan til dømes dreie seg om lågt feittinnhald, lågt innhald av sukker, og om det er hjartevennleg kost.

Kan bidra til å styrkje folkehelsa

Rødland peikar på at ernæringskalkulatoren kan kome til å spele ei viktig rolle i å styrkje folkehelsa ved å gjere sunne matval meir tilgjengelege. Ho legg også vekt på potensialet kalkulatoren har til å bidra til berekraftig matproduksjonspraksis.

– Vi ønskjer å utvikle mat- og drikkeløysingar som ikkje berre er sunne for forbrukarane, men som også er berekraftige for miljøet, seier Rødland.

Skal vere brukarvennleg

Kalkulatoren er spesielt forma ut for å vera brukarvennleg, noko som har vore ein prioritet gjennom heile utviklingsprosessen.

– Vi har hatt ei ressursgruppe av bedrifter, inkludert Nortura, Bama, Det glutenfrie verksted, Alna og Opplysningskontoret for melk og meieriprodukter, som har medverka med innspel for å sikre at kalkulatoren er enkel å bruke, understrekar Rødland.

For å nytte kalkulatoren, kan produsentar enkelt taste inn ein næringsdeklarasjon for å sjå kva som skal til for å justere resepten for å nå ernæringspåstandane til EFSA og Nøkkelholmerket. Dette forenklar prosessen med å utvikla sunnare mat- og drikkeløysingar, og gjer det meir ressurssparande for produsentane.

Rødland håpar at den brukarvennlege kalkulatoren vil oppmuntre fleire produsentar til å utvikle produkt med sunnheitsmerke, og dermed medverke til å styrkje folkehelsa og til å oppnå berekraftsmåla.

Illustrasjonsbiletet øvst i artikkelen viser salat med byggryn, og er ikkje knytt til noko varemerke eller kommersielt produkt.

Meir om Nøkkelholmerket (helsenorge.no).

Meir om OsloMet som samarbeidspartnar.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 29.01.2025 | Olav-Johan Øye | Foto: Opplysningskontoret for melk og meieriprodukter