Forsker utfører hjerneaktivitetsmåling på forskningsdeltager

Kan Ki løyse utfordringane i helsesektoren?

Vi må tenkje nytt i helsesektoren og ta i bruk nye løysingar og KI for å sikre gode helsetenester i framtida.

Det påpeika Trus Vasvik, første nesteleiar i helse- og omsorgskomiteen under Intelligent helse-konferansen.

Konferansen var eit samarbeid mellom Intelligent helse ved OsloMet, AHUS og Oslo Cancer Cluster.

Her møttest aktørar for å dele erfaringar og innsikt om bruken av KI i førebygging og behandling av ulike sjukdommar. Dette resulterte i diskusjonar rundt etiske dilemma knytt til bruk av KI i helsesektoren.

Helsesektoren står overfor fleire utfordringar. Heldigvis blir vi fleire eldre, men samtidig som dette skjer blir vi færre i yrkesaktiv alder. Parallelt med denne utviklinga, er det også ein auke i talet på personar med kroniske sjukdommar.

Nærbilete av Truls Vasvik. Han står til høgre for presentasjonen og snakkar til publikum.

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

Det er eit behov for over 180.000 fleire tilsette i helse- og omsorgssektoren fram mot 2026, viser perspektivmeldinga som vart lagd fram tidlegare i år. Helsepersonellkommisjonen viser i rapporten sin at det vil bli vanskeleg for helse- og omsorgssektoren å tiltrekkje seg denne arbeidskrafta. Derfor er det nødvendig å sjå på korleis KI kan bidra til å spare ressursar.

Kva er KI?

Det som er unikt med KI er at den blir trena på eksisterande data. Det gir KI eit stort potensial for å vere ein teknologi som blir viktig for å utvikle persontilpassa løysingar.

– Det store paradigmeskiftet med KI er at det er innebygd treningsdata i modellen. Dersom treningsdata ikkje er representative nok, vil ikkje modellen heller vere det, sa Kjersti Engan, Professor i informasjonsteknologi ved Universitet i Stavanger.

Nærbilete av Kjersti Engan medan ho presenterer foredraget sitt

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

KI-modellane treng tilgang på store mengder data som held høg kvalitet. Viss dataet er dårleg, vil bruken av KI som eit verktøy også bli dårleg.

KI utfordrar personvernet til pasientar

– Dersom befolkninga ikkje opplever at persondata blir behandla på ein trygg og sikker måte, er det vanskeleg å sjå at samfunnet vil ha tillit til offentleg sektor. Persondataa kan berre brukast til formåla det er opplyst om, sa Susanne Lie frå Datatilsynet.

Kvart år gjennomfører Datatilsynet ei undersøking i befolkninga om datavern og personvern. Basert på undersøkinga i år forklarer Lie at nesten 70 prosent er skeptiske til korleis deira data blir brukte når det gjeld KI. For å auke tilliten i befolkninga peikar Lie på at vi treng openheit og innsikt i korleis KI bruker data.

Professor Joan Condell frå Universitetet i Ulster presenterte nokre av dei etiske dilemmaa rundt bruken av KI i helsesektoren. Ho nemnde at KI-algoritmar ofte er baserte på data med avvik og/eller fordommar og at desse skeivskapane bør adresserast for å sikre rettferdige helseresultat for alle pasientar.

Joan Condell står på scena framfor ei datamaskin og presenterer foredraget sitt.

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

Eit eksempel på bruk av KI i helsesektoren

Det er allereie fleire KI-løysingar som er mogleg å implementere, men få av dei er faktisk tekne i bruk. Men fleire og fleire sjukehus gjer erfaringar rundt bruken av KI for å effektivisere tenestene.

Eit døme er Vestre Viken, som var det første sjukehuset som tok i bruk kommersiell KI for å diagnostisere beinbrot i røntgenbilete. Bjørn Anton Graff, forskingsansvarleg diagnostikk på Vestre Viken, forklarer arbeidsmetoden slik

– Du kjem til ei røntgenavdeling. Røntgenbileta dine blir analyserte av KI, og radiografen som tok bileta, vurderer KI-resultata og informerer pasienten. Denne prosessen tek 1 minutt og 10 sekund. Har du brot blir du send til akuttmottaket for konsultasjon og behandling. Dersom du ikkje har brot, kan du reise heim.

Tidlegare har pasientar måtta vente lenge ved mistanke om brot. Graff fortel at arbeidsflyten med støtte frå KI har resultert i at 10.000 pasientar er sendt heim etter 1 minutt og 10 sekund i løpet av eit år. Til saman har arbeidsflyten redusert ventetida med totalt 350 dagar, og spart Vestre Viken for 15 legekonsultasjonar per dag.

Bjørn Anton Graff peikar på presentasjonen. På presentasjonen er det røntgenbilete.

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

Persontilpassa behandling i framtida

Gjennom persontilpassa medisin kan ein føreseie effekten av behandling på individnivå. Dette er viktig for å kunne gi rett behandling.

Arnoldo Frigessi, professor ved Universitet i Oslo, beskreiv korleis ein kan, ved bruk av tilgjengelege data om ein pasient, laga digitale tvillingar og simulere ulike behandlingsalternativ for persontilpassa behandling for brystkreft.

– Den grunnleggjande ideen er å lage kopiar av dei unike pasientane på ei datamaskin. Når vi har mange kopiar av pasienten, kan vi behandle kvar kopi med eit medikament eller ein annan dose og samanlikne dei in silico på ei datamaskin for å sjå kva for eit av medikamenta som fungerer best, sa Arnaldo Frigessi.

Digitale tvillingar er framleis ikkje i bruk i kliniske settingar, men gir ein indikasjon på korleis persontilpassa behandling kan sjå ut i framtida. Utviklinga bidreg til at helsepersonell kan føreseie korleis eit medikament fungerer på ein pasient.

Arnoldo Frigessi sit blant publikum.

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

Tverrfagleg samarbeid for å finne dei gode løysingane

Eit gjennomgåande tema i løpet av Intelligent helse-konferansen var at det trengst tverrfagleg samarbeid for å finne dei gode løysingane, både på tvers av sektorar og fagfelt. Vi må bruke kvarandres erfaringar for å lære, og vi treng tverrfaglege team som utviklar løysingane for framtida.

Er du interessert i temaet? Følg med på Intelligent helse sine nettsider.

– Vi skaper møteplassar som fokuserer på korleis forsking, innovasjon og undervisning innan helse og teknologi kan bidra til å løyse utfordringane helse- og omsorgssektoren står overfor, fortel Vibeke Telle-Hansen, førsteamanuensis i ernæring ved OsloMet og fagleg ansvarleg for satsinga Intelligent helse.

Publisert: 25.09.2024 | Thea Larsen Ørneseidet