En ung kvinne tapper kaffe i en karaffel.

Korleis få sårbare grupper inn i varig arbeid? Ny avhandling viser veg.

Kva kombinasjonar av tiltak og kjenneteikn ved arbeidsgivar gir ein best mogleg sjanse for varig arbeid? Det har Julie Ulstein undersøkt i doktorgradsavhandlinga si.

Menneske frå sårbare grupper står overfor store utfordringar når det gjeld varig arbeid, på grunn av faktorar som avgrensa arbeidserfaring og ulike typar diskriminering.

Sjølv om aktiv arbeidsmarknadspolitikk (ALMP) har vorte sett i verk for å handtere desse utfordringane, har ikkje tiltaka vore tilstrekkelege. 

Ulstein har forska på kvifor. 

Målet med avhandlinga er å gi forskarar og avgjerdstakarar innsikt i korleis ALMP betre kan tilpassast ulike arbeidsgivarar, og slik auke sjansane for varig tilsetjing. – Julie Ulstein, doktorgradsstipendiat ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet

Mindre firma hadde positive resultat 

Fleire kjenneteikn ved arbeidsgivarar har stor innverknad på sjansane for å bli verande i arbeid, seier Ulstein.

– Mindre firma kan til dømes tilby tettare kontakt med leiinga og større grad av individuell oppfølging og tilpassing, som er viktig for sårbare arbeidstakarar, seier ho. 

Vidare har private selskap større suksess med langvarig tilsetjing av sårbare grupper. 
Dette forklarer Ulstein med at private selskap kan ha større spelerom og fleksibilitet til å tilpasse stillingar og oppgåver etter behovet til arbeidstakaren. 

Eit paradoks

Eit paradoks er at det er lågast sjanse for varige tilsetjingar i industriar kor sårbare grupper ofte er overrepresentert, som i vare- og detaljhandel. 

– I desse industriane kan sårbare arbeidstakarar med låg utdanning bli utnytta og stå i konstant fare for å bli bytt ut, om dei ikkje oppfyller krav om produktivitet. Korte kontraktar er også vanlege på slike arbeidsplassar, seier forskaren.

Til sist har arbeidsplassar med ein jamn kjønnsbalanse, der fleirtalet av arbeidarar har universitetsutdanning og ein høg del er over 45 år, gode forhold for sårbare arbeidstakarar, med større sjanse for langvarig arbeid.

– Arbeidsplassar med eit mangfald av tilsette har ofte ei høgare grad av sosial inklusjon, der både sjefar og arbeidstakarar er vande til å omgåast folk som er ulike frå dei sjølv. 

Nyttig verktøy

Når det gjeld sosialpolitikk, kan rammeverket Ulstein har utvikla, når det er ferdig testa og validert, fungere som eit verktøy i både forsking og politikkutforming for å finne effektive kombinasjonar av ALMP og kjenneteikn ved arbeidsgivar, forklarer forskaren.

– Det opnar for meir målretta tilnærmingar for å påverke arbeidsgivarar til å tilsetje personar frå sårbare grupper, noko som utfordrar "one-size-fits-all" -politikken som klassisk har vorte sett i verk i Noreg og andre stader, avsluttar Ulstein.

Klar for nye oppgåver

– Det er godt å vere ferdig med doktorgradsavhandlinga, samtidig har det vore veldig givande å fordjupe meg i dette temaet. No ser eg fram til å kunne jobbe med nye forskingsprosjekt, seier Ulstein.

Arbeidsforskningsinstituttet gratulerer så mykje!

Publisert: 18.09.2024 | Nina Alnes Haslie