gruppebilde av medforfattere

Kunstfaga kan bidra til berekraftige samfunnsendringar

Eit 530 sider langt spesialnummer av Journal of Art and Research samlar bidragsytarar frå heile verda i ei utforsking av rolla til kunstfaga for å nå berekraftsmåla.

– Me står i ei klimakrise der alle må bidra med det dei kan. Med denne utgivinga håpar me å visa korleis også kunstfaga kan spela ei rolle i arbeidet med FNs berekraftsmål. Det seier professor Torill Vist ved Institutt for barnehagelærarutdanning. Ho er ansvarleg redaktør for tidsskriftet Nordic Journal of Art and Research. 

Saman med professor Jan Sverre Knudsen ved OsloMet, dosent Mette Bøe Lyngstad ved Høgskulen på Vestlandet, viserektor Rikke Gürgens Gjærum ved UiT Noregs arktiske universitet og OsloMet, og professor Lise Hovik ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning og OsloMet, er ho aktuell med eit spesialnummer, kalla Aesthetics and Ethics: Arts Education as a Catalyst for Sustainable Development (journals.oslomet.no)

Ønskjer å fornya globale partnarskapar

I innleiinga skriv dei tre redaktørane Gjærum, Lyngstad og Hovik at ho er eit uttrykk for berekraftsmål 17 – om samarbeid for å nå måla. Det inneber at FN oppmodar til nye og sterke partnarskapar på tvers av land, kontinent og sektorar.

På denne måten ønskjer dei å fornya globale partnarskapar for berekraftig utvikling ved å dela ny kunnskap med likemenn og lesarar over heile verda. Utgivinga inneheld 23 ulike bidrag om berekraft i kunstutdanning, seier Lyngstad. Redaktørane håpar dette kan bringa nye, interessante og håpefulle diskusjonar til feltet.

 – Eit breitt spekter av ulike perspektiv, forståingar, teoriar og metodar viser forhåpentleg lesaren at kunstpedagogar kan gjera ein forskjell ved å inspirera til berekraftig tenking og handling, seier Mette Bøe Lyngstad, førsteredaktør for spesialnummeret.

Utfordra kunstfaglege miljø over heile verda

Kunstfaglege miljø over heile verda vart inviterte til analyse og refleksjon rundt eigne kunstprosjekt innanfor ramma av FNs 17 berekraftsmål.

Det resulterte i 17 vitskaplege og ytterlegare seks faglege og kunstnariske bidrag frå 15 land, fordelt på fem verdsdelar. Bidraga er frå Australia, Brasil, Canada, Finland, Tyskland, India, Kurdistan, New Zealand, Noreg, Portugal, Sør-Afrika, Spania, Sverige, Danmark og Storbritannia.

– Me ønskjer alle lesarar velkommen til å ta del i dette estetiske samarbeidet av kunnskapsproduksjon, med eit aukande håp for framtida til planeten vår, seier Lyngstad.

På biletet ser du frå venstre dosent Mette Bøe Lyngstad, professor Rikke Gürgens Gjærum , professor Jan Sverre Knudsen, professor Lise Hovik og professor Torill Vist.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 07.12.2023 | Solfrid Hartberg