Fleire personar sit på golvet og teiknar med kritt.

Delta med eigne kunstprosjekt og verk når Institutt for estetiske fag fyller 150 år

Vi inviterer noverande og tidligare studentar og tilsette ved instituttet til å bidra med verk til jubileet.

I 2025 er Institutt for estetiske fag ved OsloMet 150 år. Temaet for jubileet vil vera estiske fag frå fortida til framtida. 

I samband med dette inviterer instituttet tidlegare og noverande studentar og tilsette til å delta med eigne prosjekt og verk som kan verka som døme på korleis estetiske fag bidreg inn i samfunnet i eit breitt perspektiv. Me oppmodar spesielt prosjekt, framsyningar og verk med søkjelys på mangfald, urfolk og minoritetar.

Bidraga blir ein del jubileet, eit tredagars arrangement i Oslo, 14.–16. oktober 2025. 

Vi ønskjer eit breitt spekter av gode praksisdøme, kunstuttrykk, og prosjekt, som framsyningar (barn, ungdom og vaksne), biletkunst, forelesingar, workshops, kurs, foredrag, film, performative hendingar, tekstiluttrykk, moteprodukt, digitale prosjekt og liknande.

I prosjektgruppa sit: Lena Vida, Siv So Hee Steinaa, Marita Solhjell Ølander, Gitte Skjønneberg og Mimesis Heidi Dahlsveen.

Deadline: 1. februar 2025. Meld inn bidraget ditt her (nettskjema.no)

Publisert: 07.01.2025 |