– Dette er eit draumeprosjekt, som vi har laga saman med unge, framstormande forskarspirar her på AFI. Eg kjenner på ei enorm glede over at vi kan ta fatt på dette arbeidet, seier seniorforskar ved AFI, Aina Landsverk Hagen.
Med klimakrise og ein global maktelite som verkar å ikkje bry seg, ufattelege lidingar i Gaza, ein krig i Ukraina og ein oljesmurd velferdsstat som knakar i samanføyingane, er det lett å kjenne på håpløyse, seier Hagen.
Og derfor er det spesielt viktig å forske på håp no.
Verda treng fleire menneske som kan ta tak i det som er urettferdig og destruktivt, men då må vi også forstå kva som kollektivt gir oss håp, seier Hagen.– Seniorforsker Aina Landsverk Hagen, AFI
Eit kraftfullt konsept
Ho blir følgd opp av vitskapleg assistent i prosjektet, Hilde Rønnaug Kitterød:
– Håp er eit veldig interessant konsept! Det er både skjørt og sårbart, men også ekstremt kraftfullt! Det blir superspennande å utforske dette saman med ungdommane vi skal jobbe med.
Kitterød kom inn i den nordiske forskingsgruppa med ideen om å undersøke nettopp korleis håp kan «gjerast» i kvardagen. Ho og dei andre forskarane opplever Nordforsk si tildeling av midlar som ei stor anerkjenning, ikkje minst av erfaringane deira med å samarbeide tett med unge i forsking.
– Vi har erfart gjennom mange år med forsking på og med ungdom, at deira evne til å reflektere over og observere det som skjer rundt dei, gjer oss klokare og gir oss nye verktøy og metodar for å engasjere folk, legg Hagen til.
Viktige spørsmål å stille no
Forskarane skal spesielt sjå på bydelar der det er mange unge med minoritetsbakgrunn. Korleis oppfattar ungdom sjølv at dei «praktiserer håp» i kvardagen?
Unge har overraskande mykje livserfaring å trekke på, og her vil vi få tak i blikka deira på det som skjer i eige nærmiljø og i verda elles.– Seniorforsker Aina Landsverk Hagen
Forskarane lurer på:
- Korleis blir unge framstilt frå desse områda i dei nordiske media?
- Korleis oppfattar ungdom sjølv at dei praktiserer håp i kvardagen?
- Korleis kan vi utvikle eit meir nyansert vokabular om håp?
Og dei skal få hjelp av ungdommane sjølv.
– Vi vil engasjere unge medforskarar til å hjelpe oss med å forstå korleis håp «blir gjort» i bydelane Alna, Gamle Oslo og Søndre Nordstrand, Hermodsdal og Möllevången i Malmø, og Valby i København, seier Hagen.
Vil utfordre mytar og stereotypar
Forskargruppa skal også sjå på korleis danske, norske og svenske medium framstiller unge frå desse områda.
Dei lurer på om og korleis unges eigne stemmer utfordrar eller samsvarer med idear, mytar og stereotypiar om unge med minoritetsbakgrunn i nordiske medium.
Afi-forskarane har med seg Patrick Lester Kollman ved Institutt for journalistikk og mediefag, og skal samarbeide med dyktige forskarar ved Malmø universitet og Københavns Professionshøjskole.
– Og så håpar vi å bygge eit nordisk og internasjonalt nettverk av forskarar, unge og andre som er interesserte i tematikken, seier Hagen.
Fleire høgdepunkt
– Eitt høgdepunkt blir den første summaren campen vi skal ha i 2026, der dei unge medforskarane frå dei tre byane vil møte kvarandre, bli kjente og jobbe saman med forskarteamet for å designe dei etnografiske studiane vi skal gjennomføre i Oslo, Malmø og København, fortel Hagen.
Her skal Kollman gi ungdommane ei innføring i filmproduksjon og visuell dokumentering, som dei kan ta med seg ut i felt.
– Eit anna høgdepunkt blir det avsluttande Nordic Youth Summit i 2027, der vi blant anna skal arrangere videokonkurranse for unge i Norden, med håp som tema, avsluttar seniorforskaren.