Kvantedatamaskin med uklart bilete av ein person som sit tankefull ved sidan av.

Kvantemaskiner skaper trøbbel for finansnæringa

Medan tenestene til finansnæringa blir enklare og meir tilgjengelege for brukarane, blir tryggleiken forverra. Kunstig intelligens og utviklinga til kvanteteknologien er to av dei nye trugsmåla mot informasjonstryggleiken.

10. og 11. september 2024 inviterte Finans Norge til konferansen «Digital robusthet 2024 – svindel og cybersikkerhet» for å diskutere informasjonstryggleik og svindel i finansnæringa. På dagsorden var mellom anna kvanteteknologi og kunstig intelligens (KI), og kva dei vil føre med seg for tryggleiken i framtida.

Pål Christian Waag er fagdirektør for cybertryggleik i Finans Norge. Han inviterte mellom anna OsloMet sin eigen professor og kvantefysikar, Sølve Selstø, til å fortelje om kvantetrugselen. 

– Det å nå fram til ein gjeng som verken er fysikarar eller teknologar, og gjere seg forstått, er veldig godt gjort, kommenterer han.

Han synest det er viktig å samarbeide på tvers av fagretningar, med akademia og styresmaktene, for å auke forståinga for trugslane.

Kan hamne i feil hender

Kvantedatamaskiner har ei enorm reknekraft, og kan løyse komplekse oppgåver som vanlege datamaskiner ikkje klarer. At dei kan handsame såpass store tal på rekordtid er openbert ein fordel for finansnæringa.

Datamaskinene kan dessverre òg, ved hjelp av Shors algoritme, dekryptere sensitivt innhald og data som er låst med kryptografiske algoritmar. Det aukar sårbarheita for cyberangrep og svindel i banken og andre system.

– Forretningsideen til banken er at vi har tillit. Forbrukarane må kunne stole på at banken vernar dataa og pengane deira, fortel Waag.

Per dags dato finst det nok ingen datamaskiner som er i stand til å knekka RSA-koding, då dei er for små til å køyre Shors algoritme. Likevel kan informasjonen haustast inn, og dekrypterast mange år seinare når maskinene blir meir avanserte og tilgjengelege for fleire.

– Viss ny kvanteteknologi ikkje tek omsyn til dagens kryptering, har vi eit problem når feil menneske får tak i han, meiner Waag.

Ny metode

Kvanteteknologien kan likevel også medverke til å lage sikrare krypteringsnøklar mellom to partar som utvekslar informasjon. Ved kvantenøkkeldistribusjon blir krypteringsnøklane sende ved hjelp av kvant (foton).

Når tredjepartar prøver å få tak på informasjonen, blir det avslørt for dei to andre, ettersom kvanta blir endra.

Endå ser det ikkje ut til å finnast ei løysing på tryggleiksproblemet som oppstår med Shors algoritme, og mange system kan vere i stor fare.

OsloMet-satsing

Ettersom angrepa blir fleire og farlegare, ønskjer bedriftene nå høgare tryggleikskompetanse hos dei tilsette.

Derfor lanserte OsloMet denne hausten ei ny masterspesialisering i cybertryggleik på masterstudiet i anvendt data- og informasjonsteknologi (ACIT). Her får studentane praktisk innføring i informasjonstryggleik, forsvarsøvingar og personvern.

– Kryptografi, det å halde informasjon hemmeleg, har vi gjort oss veldig avhengige av i geopolitisk samanheng og i nettbanken. Ein større, robust kvantedatamaskin vil kunne knekkje mykje av krypteringa som vert brukt i dag. Sånn sett er den nye spesialiseringa svært interessant, fortel professor Sølve Selstø.

– Vi er ikkje tryggare enn det svakaste leddet

Også kunstig intelligens er ein ny teknologi som fører med seg både effektivisering og tryggleikstrugsmål. Sjølv om KI kan medverke til automatisering av langsame prosessar, er Waag bekymra for utviklingsfarten.

– Verktøya blir stadig flinkare til å etterlikne menneske, og dei lærer å forstå bedriftene slik at det blir lettare å svindle dei, forklarer han.

Waag meiner at bankane sjølve er flinke til å motstå angrep, men at det er viktig at dei jobbar med å sikre leverandørar og andre partar dei er avhengige av.

– Vi er ikkje noko sikrare enn det svakaste leddet i lenkja, så vi ønskjer å spreie den kunnskapen vi har. Viss ikkje, kan dei utgjere ein stor risiko for oss, seier han.

Biletet øvst i artikkelen viser fagdirektør Pål Christian Waag til venstre, som framhevar at viss ny kvanteteknologi ikkje tek omsyn til dagens kryptering, har vi eit problem når feil menneske får tak i han.

Illustrasjonsbiletet øvst i artikkelen viser ei kvantedatamaskin, og er teke av Benjamin Ward.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om kvanteverda

Derfor bør du vite meir om kvanteverda

Kvanterevolusjonen kan endre verda. Vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne» gjev deg innsikt i korleis verda er skrudd saman, og korleis kvantedatamaskiner kan revolusjonere databehandling.

Student som sit med ryggen til og blikket vendt mot bærbar datamaskin, med illustrasjonar av atom og molekyl.
Endeleg ei praktisk innføringsbok i kvantefysikk

Professor Sølve Selstø har skrive ei praktisk lærebok som gjev ei innovativ tilnærming til kvantefysikk, på prestisjeforlaget Cambridge University Press.

Portrett av Sølve Selstø med boka i hendene. Gatekryss i Pilestredet og grøne tre og rød murstensbygning i bakgrunnen.
Publisert: 20.09.2024 | Noa Cecilie Sæther