Nærbilete av eit lilla Sigrun Berg-skjerf.

Kvinna bak dei ikoniske lilla skjerfa

Du har sikkert høyrt uttrykket “lilla skjerf og fotformsko”. Det ikoniske skjerfet, med frynsar og glødande farger, var eit sterkt politisk symbol på 1960 og 70-talet. No kjem boka om Sigrun Berg, kvinna som designa skjerfet.

Bak boka står Liv Klakegg Dahlin, instituttleiar ved Institutt for estetiske fag på OsloMet. Ho har forska på livet og historia til Sigrun Berg. Boka blir lansert denne veka og har fått tittelen “Sigrun Berg – Vev og virke”.  

Rekkjevidde langt utover vevstua 

Sigrun Berg var så mykje meir enn dei lilla skjerfa, fortel Dahlin.  

– Ho var brukskunstnar, designar, kunsthandverkar, forretningskvinne og sosial entreprenør.   

– Ho var ein leiande skikkelse innanfor norsk tekstilkunst. Verksemda hennar sette sitt preg på norsk tekstilkunst, design, mote og tekstilindustri. 

– Sigrun Berg fekk kvinner i arbeid over heile landet, forklarer forfattaren.  

– Sjølv gjekk ho frå å vere ei embetsdotter prega av kjønnskontrakta i datida, til skilt og einsleg mor, for så å bli ein sterk bedriftsleiar og markant skikkelse i si tid.   

Ukjent for mange 

– Mange av oss kjenner skjerfa, men veit lite om Berg. Korleis oppstod di interesse? 

– Kjensla av å ikkje heilt kjenne til Sigrun Berg forstår eg godt. Eg hadde høyrt namnet, men klarte ikkje heilt å sjå for meg kva det var ho hadde gjort, fortel Dahlin.   

– Då eg vart invitert til å skrive ein artikkel om henne i Norsk biografisk leksikon i 1999, vart eg sjokkert over alt ho hadde oppnådd - og at ho samtidig var så bortgøymd og usynleg. 

– Eg begynte å grave, søkje, samle, intervjue og ringje rundt for å spore opp tekstil etter vevstua og Sigrun Berg.  

– Eg fekk høyre at mykje av materialet etter henne stod på ein låve i Rauland. Det gav meg ikkje fred. Eg kontakta barnebarnet til Sigrun Berg, Eli Wendelbo. Med hennar velsigning vart alt lagra trygt i Historisk samling ved Institutt for estetiske fag i 2011. 

Portrett av Liv Dahlin.

Liv Klakegg Dahlin er instituttleiar ved Institutt for estetiske fag på OsloMet og forfattar av boka "Sigrun Berg - Vev og virke". Foto: Sonja Balci

Viktig arv 

Dahlin meiner det er viktig at produksjonen og historia blir løfta fram og bevart for ettertida. 

– Kvinners arbeid og den tekstile arven vår skal ikkje gøymast bort.  

– Eg veit at tekstil blir støvete, slitne, skitne og umoderne. Dei kan vere lette å kaste og oversjå. Men den tekstile kulturarven og kompetansen er viktig å ta vare på, både fordi han ber i seg historia vår, men også fordi han har med seg løysingar på problem i samtida, som miljøutfordringar.   

Prega motebildet 

I si tid var kolleksjonen til Sigrun Berg noko av det mest eksklusive og trendy ein kunne få, laga i dei finaste materiala.  

– Mange kjente personlegdommar brukte plagga. Til dømes akademikarar, skodespelarar og kunstnarar som Erik Bye, Torbjørn Egner og Liv Ullmann, fortel Dahlin.  

– Og Sigrun Berg fekk ei rekkje prisar og utmerkingar, og vekte stor interesse også internasjonalt.  

– No har arbeida hennar fått meir merksemd igjen, seier ho.  

– Unge kvinner og menn tek på seg skjerf, vamsar og busserullar. Og i kåringa til A-magasinet over Noregs topp 100 designobjekt, var Sigrun Berg-skjerfet sjølvsagt med.  

Kunsten hennar føyer seg inn i ein norsk tradisjon med bruk av ull, særleg frå spælsauen.  

– I arbeida brukte ho ofte kjente norske symbol og uttrykk, med ein eigen vri. Ho gjennomførte fleire store utsmykkingsoppdrag, mellom anna i Håkonshallen i Bergen, Bodø domkirke, Alstahaug kyrkje, Sauherad og Asker rådhus. 

Invitert inn 

Dei som fekk sjansen til å stikke innom vevstua til Sigrun Berg i Damstredet i Oslo, beskreiv det heile som ein magisk stad, med intense farger, dunk frå vevstolar, knirk frå rennebommar og lukt av ull. Sjølv skulle Dahlin gjerne vore der.  

– Eg har møtt mange som har minne om Sigrun Berg, vevstua eller produkta, fortel ho.   

– Eg har fått intervjue og komme heim til fleire av dei. Eg er svært takksam for alt desse gamle vevarane, tekstilkunstnarane og nettverket har delt med meg.

– Intervjua starta ofte som strukturerte samtaler ved kaffibordet og enda inne i skap og skuffar, der dei drog fram det eine tekstilet etter det andre. Dette medan dei fortalde meg om minne, gleder og sorger gjennom livet.  

– Desse møta er kanskje det som har gjort mest inntrykk på meg i arbeidet med boka, fortel Dahlin.  

– Og sjølvsagt den enorme og breie produksjonen til Sigrun Berg og alt det oppsiktsvekkjande ho fekk til.  

Omslaget til boka med bilete av Sigrun Berg og eit av skjerfa.

Omslaget til boka om Sigrun Berg. Foto: Orfeus forlag.

Lang ferd 

Liv Dahlin er glad for at boka endeleg er ferdig - og for moglegheita til å løfte fram arbeidet og livet til Sigrun Berg. 

– Det har blitt ei fin bok! Og eg vil gjerne rose dei flotte bileta i boka. Dei har Øystein Thorvaldsen teke. 

Fotografen har vore med Dahlin land og strand rundt.   

– Men det har teke lang tid dette, heile 15 år, for det var mykje som kom i vegen. Sånn er livet for mange av oss. Slik var det også for Sigrun Berg, smiler forfattaren.  

– I utklippsboka si om draumen om ei vevstue, skreiv ho: 

 «Denne ønskedraumen er gått i oppfylling no i mitt 48. år etter 20 års vandring, der ofte målet synest å vere forsvunne, for så med eitt å dukke fram igjen, forsvinne og dukke fram igjen, for så endeleg å ha funne ei fast form.» 

No har boka også funnen fast form. Tysdag 26. november inviterer Dahlin og Orfeus forlag til boklansering på Kunstnernes Hus.  

Publisert: 25.11.2024 | Hilde M. Kringeland