Nyleg fekk kledeforskarane ved SIFO eksotisk besøk. Ein delegasjon beståande av leiar og forskarar ved Philippine Textile Research Institute kom saman med visekonsulen ved den filippinske ambassaden i Noreg og Mayeth Codoy, ein filippinsk klesdesignar busett i Noreg.
Biletet over viser design laga av Mayeth Codoy. Foto av Joe Urrutia.
Dei filippinske forskarane var interesserte i å lære meir om korleis SIFO jobbar med berekraftig kledeforbruk, og rosar Noreg og Norden med å ta leiarskap i kampen for berekraftig kledeforbruk og mote.
Ein rik lokal tekstiltradisjon
– Vi må seie at vi er stolte fordi arbeidet vårt med å inkorporere det lokale perspektivet i denne diskusjonen har vorte lagd merke til så langt heimanfrå, seier Ingun Grimstad Klepp, professor i klede og berekraft ved SIFO.
Filippinane har ein rik tekstiltradisjon frå plantar som bambus, ananas, bananplanten og abacá – ein plante i bananslekta. Den lokale tekstilproduksjonen står i sterk kontrast til den kraftige importen av hurtigmote og internasjonal kledeproduksjon.
– Vi treng å lære meir om kva det «lokale» betyr i eit land med ikkje berre ei lengre kystlinje enn Noreg, men med over 100 millionar innbyggjarar. Og med forhold til fast fashion både som produsent, som mottakar av bruktklede – og som eit land som kjempar for bevaring og utvikling av eigne tradisjonar for klede, fiber og handverk, seier Klepp.
SIFO sin kledeforsking i front
«Eg er her av same grunn som de», slo Jo Cramer fast i innleiinga si om undervisninga ved Fakultet for teknologi, kunst og design – Institutt for estetiske fag, der ho jobbar. Ho kom hit til OsloMet frå Melbourne fordi ho, som dei filippinske gjestene våre, meinte SIFO sin kledeforsking er i front globalt på kunnskap om miljø. Gjestene var begeistra for vektlegginga hennar av klede og motes samfunnsmessige betydning som grunnlag for undervisninga.
– Vi håpar vi får kapasitet til å følgje opp dette svært interessante, men korte, besøket frå eit øyrike med dei vakraste transparente naturfibrane frå abacá, ananas, banan og bambus – og slett ikkje i form av viskose, som fast fashion-industrien stadig prøver å lure folk til å tru er det same, seier Klepp.
Les meir om besøket på nettsida til klesforsking (uni.oslomet.no)
Er du interessert i å lære meir om lokale klede? Følg gjerne prosjektet Amazing grazing – berekraftig kjøt og ull frå sau som beiter i norsk utmark.