HealthHACK legg til rette for tverrfagleg samarbeid, og at OsloMet-studentar skal byggja nettverk med næringslivet.
Inkluderer næringslivet i studentaktivitetar
Intelligent helse ved OsloMet har som mål å bidra til leiande utdanningar som møter behovet i samfunnet. Derfor blir HealthHACK arrangert i samarbeid med eksterne partnarar. På den måten får OsloMet-studentar innblikk i relevante arbeidsoppgåver, samtidig som dei byggjer nettverk med potensielle arbeidstakarar.
I år samarbeidde Intelligent helse med The Life Science Cluster og nokre av medlemsbedriftene deira, Teriak, Aker Biomarine, Calluna Pharma, Arctic Bioscience og Inven2.

Foto: Angelique Culvin-Riccot
Aker Biomarine, Calluna Pharma, Arctic Bioscience og Inven2 presenterte problemstillingar som OsloMet-studentane skulle løysa over to dagar. Målet var å skapa nye produkt, verktøy eller løysingar på utfordringar som medlemsbedriftene har.
– For at me skal få til eit grønt skifte, er det behov for at fleire startar opp bedrifter. Det er også viktig at studentane ser at det er ei framtid i helseindustrien, seier Urd Andestad, seniorrådgivar i Teriak.
Nettverksbygging med næringslivet
Under HealthHACK har akademia og næringslivet eit unikt høve til å kunna dela ulike erfaringar og kunnskap med studentane. Det å få eit innblikk i korleis arbeidslivet kan sjå ut, og å tenkja nytt rundt moglegheitene som finst etter enda studium.
– Det er ein gullsjanse til å gjera seg kjend med menneske i arbeidslivet eller som har erfaring i feltet, gjennom mentor- og ekspertordninga. Eg opplevde å utvida nettverket mitt, både i og utanfor farmasiverda, seier OsloMet-studenten Sofie Gangsø.
Studentane rapportar at samarbeidet med mentorar og ekspertar var svært nyttig.
Tverrfagleg samarbeid på konkrete oppgåver
Sjølv om OsloMet-studentane var spente, var dei også motiverte og engasjerte. Dei vart delt inn i grupper, og visste ikkje kven dei skulle samarbeida med, eller kva oppgåve dei skulle løysa.
Gruppene skal vera tverrfaglege. Dette gjer studentane erfaring med å arbeide med personer frå ulike fagfelt, noko ein ofte må i arbeidslivet. Dei skal ha fagdiskusjonar på tvers, samtidig som dei løyser komplekse utfordringar.

Foto: Angelique Culvin-Riccot
– Eg samarbeidde med andre som ikkje studerer det same som meg, og kjende meg viktig og ekstremt verdsett i rolla mi som farmasistudent, seier Sofie Gangsø.
«3, 2, 1 pitch!»
HealthHACK vart avslutta med ein pitchekonkurranse. Løysingane studentane hadde jobba med, vart presenterte for ein jury. Dei fekk åtte minutt på å forklara problemstillinga og presentera løysinga dei hadde komme fram til.
– Det er morosamt å sjå studentane utfalda seg, og sjå korleis dei møter arbeidsrelevante oppgåver. Dette er den veldig morosame delen av arbeidslivet, seier Urd Andestad, seniorrådgivar i Teriak.
På to dagar vart studentane kjende på tvers av fagfelt, bygde nettverk med næringslivet, og sist, men ikkje minst, jobba beinhardt for å pitche løysingane for framtida.
Både studentar og Intelligent helse gler seg til neste gong!