handlevogn i butikk

Matprisane opp med 33 prosent på tre år

Handlekorga med mat og drikke har blitt over 3 600 kroner dyrare for eksempelfamilien på tre år. Korleis har SIFO komme fram til dette?

Auka matvareprisar dei siste tre åra gir store utslag i referansebudsjettet til SIFO. Utgifter til mat og drikke for ein eksempelfamilie med to vaksne og to barn på fem og elleve år har auka med 33 prosent i perioden august 2021 til august 2024. Til samanlikning var generell prisvekst i same periode 13,7 prosent, i samsvar med målingar Statistisk sentralbyrå (SSB) har gjennomført.

Handlekorga med mat og drikke har blitt over 3 600 kroner dyrare pr. månad for eksempelfamilien i august 2024 samanlikna med same månad i 2021, og mat og drikke står for nesten 90 prosent av den totale utgiftsauken i referansebudsjettet i denne perioden.

Eit nytt notat viser utrekningane SIFO har gjort for å komme fram til dette.

forside på rapport

Last ned notatet

Ann-Kristin Ansteensen og Andrea I. Alecu: Det er sluttsummen på kassalappen du betaler. Kostnadsutviklingen for mat og drikke og andre forbruksområder i referansebudsjettet august 2021 – august 2024

Last ned notatet her

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 04.11.2024 | Kjersti Lassen