Får vi den utviklinga vi trur vi får? Det er eit sentralt spørsmål for alle som driv med nokon form for offentleg styring, og noko NIBR skal sjå nærmare på i eit nytt prosjekt for Agder fylkeskommune.
– Vi skal kort og godt evaluere om støtta fungerer etter hensikta, seier Arne Holm, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet.
Revitalisert kulturarv?
Hausten 2022 oppretta Agder fylkeskommune ei femårig prosjektstøtteordning for uthamner, kystkultur og kulturell rute i Agder. Kort fortalt ønskte dei å støtte initiativ som gjer Agders kystlandskap og kystkultur tilgjengeleg i større grad, til dømes ved å skape nye reiselivsprodukt som historiske båtruter, nye matopplevingar og overnattingsstader eller som på andre måtar kombinerer berekraftig turisme og kulturarv.
Støtteordninga har eit samla budsjett på 15 millionar kroner.
– Dei bruker relativt mykje pengar på å prøve å få meir berekraftig aktivitet rundt uthamnene, og vi skal sjå på korleis arbeidet frå fylkeskommunen faktisk påverkar utviklinga, seier Holm.
Målet med støtteordninga er å trekke fleire personar til kysten, samtidig som ein får ei berekraftig besøksforvaltning som tar omsyn til både natur, landskap, kulturmiljø og lokalbefolkninga.
Studerer effekten
Fylkeskommunen ønsker å fremme samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar og privat sektor, for å oppnå brei verdiskaping og langsiktige løysingar som er godt forankra i lokalsamfunna.
– Målet er å skape prosjekt som ikkje berre er økonomisk berekraftige, men som også styrker kystkulturen og bidrar til utviklinga av nye arbeidsplassar i regionen. Vi skal sjå om metodane og midlane deira oppnår dette, seier Holm.
Saman med kollegaer på NIBR skal Holm blant anna gjennomføre ein effektstudie som skal sjå på om tilskota som er tildelte har utløyst fleire ressursar.
– Vi skal også sjå på om prosjekta som har fått støtte har endra aktørars åtferd, og ikkje minst om prosjekta ville komme uavhengig av støtta frå fylkeskommunen, seier Holm.
Evalueringa skal vere ferdig ved utgangen av 2026.