Portretter av Mona Gjerstad

Mona Gjerstad: Eg er nysgjerrig på det meste, så det er veldig mykje eg gjerne vil fordjupe meg i!

Eit draumeprosjekt for meg kunne vere å kople saman nokre av mine ulike kunnskapsområde og til dømes forske fram løysingar for betra sosial velferd og levekår i landbrukssektoren.

Mona Gjerstad er masterstudent ved Institutt for sosialfag på OsloMet og tilknytt NOVA. Vi har spurt henne om masteroppgåva og korleis ho trivst ved instituttet.

Fortel litt om prosjektet ditt!

Eg er med på to ulike prosjekt på NOVA. Eg deltek på forskartrening (research training), og eg skriv masteroppgåve her ved Seksjon for helse og velferdsforsking. Som forskingspraktikant jobbar eg og ein annan student på eit Horisont Europa-prosjekt som heiter Sustainability Performances, Evidence and Scenarios (SPES).

Det er eit stort europeisk prosjekt som vi er tilknytt ein liten del av, under rettleiing av Mi Ah Schøyen og Therese Dokken. SPES-prosjektet skal gi politiske avgjerdstakarar i EU auka kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig, sosialt rettferdig klimaomstilling.

Vi på NOVA har kvalitativt analysert sentrale lover, politiske forordningar og tilrådingar som bidreg til klimaomstilling og berekraft i EU. Rapporten gir innsikt i korleis temaet berekraft blir omfamna på tvers av ulike politikkområde og sektorar i EUs overordna strategiar og tiltak, og skal vere grunnlagsdokument i kommande delar av SPES-prosjektet.

Også forskarar ved Universitetet i Firenze og Partnership for Economic Policy, som arbeider med utvikling i det globale sør, har vore knytt til denne delen av SPES-prosjektet.

Sosial rettferd i klimaomstilling

Masteroppgåva mi handlar også om sosial rettferd i klimaomstilling, men i den konsentrerer eg meg om Noreg. Utsette grupper står i fare for å oppleve «dobbel urettferd», ved både å ha det lågaste karbonavtrykket og å vere dei mest sårbare for negative konsekvensar av klimatiltak og klimakonsekvensar.

Klimaomstillinga inneber også mange endringar i arbeidsmarknaden når karbonkrevjande verksemd skal fasast ut. Grøn omstilling gir nye utfordringar for velferdsstaten, og kan medføre at det sosiale vernet blir svekt. 

I masteroppgåva mi har eg tenkt å vise Noreg som eit `case´ innan den nordiske modellen. Korleis blir dei øko-sosiale dimensjonane av klimaomstilling handtert under forholda våre, og med vår type velferdsstat?

Studien min vil basere seg på ein brei litteraturanalyse av politiske dokument, forskingsartiklar, medieoppslag og debattinnlegg. I tillegg skal  eg innhente empiri ved å intervjue representantar frå styresmaktene, politiske parti, næringslivs- og arbeidstakarorganisasjonar.

Kva lurer du aller mest på for tida?

Når eg skal få tid til å setje meg inn i Zotero! Eg treng å bli betre på å bruke referansehandteringsverktøy, men har hatt det litt for travelt til å lære meg det. Eg må berre hoppe i det no og komme i gang, for det vil jo spare meg for mykje tid med referansane framover.

Elles er eg spent på utviklinga i norsk klimapolitikk, eg trur det kjem store endringar dei næraste åra.

Kva fekk deg til å velje å bli med på research training-opplegget?

Det er litt tilfeldig at eg vart tilknytt NOVA og vart med på forskartrening. Eg studerer sosialt arbeid ved OsloMet, og er i tillegg oppteken av klimaspørsmål og miljøvern. På mastertorget i fjor vart det presentert moglegheiter for å skrive ein øko-sosial masteroppgåve, og det hadde eg veldig lyst til.

Eg fekk kontakt med Mi Ah Schøyen, som sa ja til å rettleie meg, og som har hjelpt meg på veg med eit spennande prosjekt. Det er også gjennom Mi Ah at eg fekk høyre om SPES-prosjektet, som både er interessant å vere med på og gir meg nyttig kunnskapsgrunnlag for masterprosjektet mitt.

Det er lærerikt å ta research training som eit valemne på studiet (student.oslomet.no), og spennande å jobbe på eit reelt forskingsprosjekt. Eg kan godt tenkje meg å jobbe meir med forsking, og har lyst til å prøve å søkje ei stipendiatstilling etter enda master.

Kva er bra med å vere på NOVA?

NOVA opplever eg som ein veldig triveleg og interessant arbeidsplass. Sjølv om eg «berre» er masterstudent, så kjenner eg meg velkommen og inkludert, og det set eg stor pris på!

Eg får vere med på fagmøte, seminar, sosiale samankomstar og har hyggjelege samtalar i lunsjen. Det skjer mykje spennande forsking på NOVA, og det at så mange aktuelle prosjekt blir presenterte og diskuterte i fagmiljøet, synest eg er ekstra fint.

Eg opplever at NOVA er ein plass der ein både støtter, backar opp og utfordrar kvarandre fagleg. Eg lærer mykje av å vere her.

Kva er draumeprosjektet ditt?

Eg er nysgjerrig på det meste, så det er veldig mykje eg gjerne vil fordjupe meg i! Men eg er også utdanna sivilagronom.

Eit draumeprosjekt for meg kunne vere å kople saman nokre av mine ulike kunnskapsområde, og til dømes forske fram løysingar for betra sosial velferd og levekår i landbrukssektoren, som ein integrert del av klimaomstilling i landbruket.

Fakta 

Tilknyting: Mona Gjerstad er masterstudent i sosialt arbeid ved Institutt for sosialfag ved OsloMet. Ved NOVA er ho tilknytt Seksjon for helse- og velferdsforsking og prosjektet Sustainability Performances, Evidence and Scenarios (SPES), som handlar om sosial rettferd og berekraft i europeisk klimaomstilling.

Masteroppgåva skal bli ferdig i mai 2024.

Aktuell lesing og seriar

Foto: Halvard Dyb

Publisert: 07.11.2023 | OsloMet