By- og regionforskingsinstituttet NIBR samarbeidde med programkomiteen til Arendalsuka om debatten om ukrainske flyktningar i Noreg. Sjå opptak av debatten (youtube.com).
Noreg vart relativt fort det mest attraktive nordiske landet for ukrainarar på flukt frå krigen. I løpet av 2024 ligg me an til å busetja meir enn 100.000 ukrainarar.
Stadig fleire kommunar varslar om knappleik på bustader og press på kommunale tenester, regjeringa svarer med innstrammingar i regelverket og opposisjonen vil ha kutt i integrering-budsjetta.
Samtidig møter kommunane auka krav om å få flyktningane raskare i arbeid.
Dei ukrainske flyktningane har fått tre års mellombels vern, og i løpet av 2024 må Noreg ta stilling til om det mellombelse løyvet skal forlengjast ytterlegare, eller om ein skal sjå på andre løysingar.
Saman med Arendalsukas programkomité inviterte me arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (AP), Hans Andreas Limi, stortingsrepresentant FRP, Marian Hussein, nestleiar SV, Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS og Marlen Rendall Berg, ordførar i Fauske, til debatt om hjarterommet er i ferd med å bli fullt.
NIBR-forskar Vilde Hernes gav først eit innblikk i kva forskinga vår på ukrainarar i Noreg og Europa elles viser, medan NIBR-forskar og flyktning frå Ukraina, Oleksandra Deineko, deltok i debatten om korleis norske kommunar løyser utfordringane med rekordtilstrøyminga av flyktningar, og kva det betyr for flyktningane sjølv.