modell av bolighus oppå plantegninger

NIBR set tidsbruk i plan- og byggjesaker under lupa

Er det mogleg å gjera planprosessane meir effektive?

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) ønskjer å undersøkja årsakene til den høge tidsbruken i plansaker, og By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet har, i samarbeid med Asplan, fått oppdraget.

Ein raskare prosess

– Målet er å finna tiltak som kan sikra meir effektive planprosessar. Me håpar at resultatet bidreg til ei meir effektiv saksbehandling, og større innsikt i kva som er tidstjuvane når planar skal avklarast i kommunen, seier Berit Irene Nordahl, forskingssjef ved NIBR, som saman med NIBR-forskarane Leif Kårtvedt og Anders Eika og Anne Sæther Lislevand i Asplan, skal levera funna sine til KDD i løpet av året.

Regjeringa har tydeleg uttrykt eit ønske om å forenkla planprosessane.

– Dokumentasjonskrava er store, og forventningar om demokratiske prosedyrar gjer at prosessane blir lange. Me skal sjå nærare på kva fasar og kva saker som er mest tidkrevjande, og vurdera kva som kan kortast ned. Formålet er å få til ein raskare prosess frå tidspunktet utbyggjar fremjar eit initiativ til planen er vedteke og utbyggjar kan starta prosjektering, seier Nordahl.

Bakgrunnen for prosjektet

Rapportering i Kostra-systemet har avdekt at saksbehandlingstida er høg, og aukande, i mange kommunar, spesielt i pressområde.

Tala viser mellom anna ein tydeleg auke i saksbehandlingstida frå oppstartsmøte til endeleg vedtak for reguleringsplanar. Det same gjeld byggjesøknader.

– Lang saksbehandlingstid fører til at bustadproduksjonen går for sakte, noko som bidreg til å skapa eit press i marknaden, spesielt i dei største byområda, seier Nordahl.

KOSTRA står for Kommune-Stat-rapportering, og er eit nasjonalt informasjonssystem som gir informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Systemet vart etablert i 1995 av Kommunal- og regionaldepartementet og Statistisk sentralbyrå, og det gir informasjon om ressursbruk, prioriteringar og resultat innanfor ei rekkje sektorar, som skule, helse, sosialteneste, kommunal teknisk sektor og kultur.

Dataa som blir samla inn gjennom KOSTRA blir brukte av kommunar, fylke, stat, media, forskarar og andre for å analysera kommunale og fylkeskommunale tenester, og å samanlikna desse tenestene på tvers av kommunar og fylke.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 28.08.2024 | Tone C. S. Thorgrimsen