NorLAG er ein livsløpsstudie som blei starta opp av NOVA på tidleg 2000-talet. Studien følgjer kvinner og menn over tid – gjennom ulike overgangar og hendingar i vaksenlivet og eldre år.
– Ved å følgje dei same personane over ein lengre tidsperiode, får vi kunnskap om kvar dei «har vore» tidlegare i livet, fortel prosjektleiar Katharina Herlofson.
– Dette er viktig for å kunna få ei betre forståing av livssituasjonen deira og val dei gjer seinare i livet.
Viktig for politikkutforminga i Noreg
Eit sentralt formål med NorLAG er å kunna bidra til betre kunnskap for politikk og planlegging.
Det breie fokuset til studien på viktige sider av livet, som familie, arbeid, helse, trivsel, bustad og fritid, gjer det mogleg å utforske ei rekkje tema av høg politisk interesse.
Viktige forskingsområde er sosial ulikskap gjennom livsløpet, helsevanar i andre halvdel av livet, balansen mellom familieomsorg og yrkesaktivitet, aktiv aldring og bustad i eldre år, for å nemne nokon.
Spent på kor mange som svarar
– Svarprosentane i dei tidlegare rundane av NorLAG har vore relativt høge, og det blir spennande å sjå kor mange som vil og kan delta denne gongen, seier Herlofson.
Dei eldste deltakarane er fødde på 1920-talet, som betyr at dei no nærmar seg hundre år, medan dei yngste er fødde på byrjinga av 1980-talet. Studien omfattar dermed fødselskohortar som har vakse opp under svært ulike forhold og vilkår.
– I NorLAG tek me omsyn til at den historiske konteksten bidreg til å forme livsløp, som mellom anna inneber at ulike fødselskohortar blir eldre på ulike måtar.
Nettopp moglegheita til å sjå individuelle liv og historiske hendingar i samanheng er noko av det spesielle ved NorLAG-studien.
Statistisk sentralbyrå samlar inn dataa
Statistisk sentralbyrå gjennomfører datainnsamlinga, slik dei også har gjort i dei tidlegare rundane (i 2002, 2007 og 2017). Utvalet denne gongen består av deltakarar som har vore med minst ein gong tidlegare, og som er i alderen 40 år og eldre i intervjuåret.
Datainnsamlinga omfattar telefonintervju og spørjeskjema som deltakarane fyller ut i etterkant av intervjuet. Det blir også kopla på opplysningar frå offentlege register.